Innfører søknadsfrist for landbruksmidlar til investeringar

Frå i haust innfører Innovasjon Norge to årlege søknadsfristar for landbruksmidlar som skal nyttast til investeringar innan tradisjonelt landbruk i Rogaland. Dei strategiske prioriteringane for 2016 blir ført vidare.  

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 26.09.2016

Det er gamalt nytt at den årlege ramma Innovasjon Norge Rogaland har til bedriftsretta prosjekt i Rogaland er for lita. For 2016 var ramma på vel 40 millionar kroner. For neste år blir ho litt større, men er framleis for lita i høve til behovet. Difor er det tradisjon i vårt fylke for å prioritere målretta. Dei strategiske føringane for 2016 blir vidareførte i 2017. Det har vært viktig for landbrukspartnarskapen i fylket å avklare dette tidlig, då Innovasjon Norge Rogaland vil løyve av 2017-ramma allereie i haust.

Det som er nytt – er at det frå i haust blir innført to søknadsfristar i året for midlar som skal nyttast innan tradisjonelt landbruk. Desse fristane er 1.oktober og 1.mars. Desse gjeld for heile fylket, og omfattar også kriterieordningane for miljøtiltak og frukt.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.