Fylkesmannen gjer om vinterskadesaker frå 2013

Landbruks -og matdepartementet har i to saker om vinterskade på eng i 2013 gjort vedtak om ny behandling hos Fylkesmannen i Rogaland. Departementet sine presiseringar av regelverket gjer at Fylkesmannen vil behandle ei rekke avviste og avslåtte saker på nytt. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 01.02.2017

I desse to sakene i Hå kommune avviste Fylkesmannen og Landbruksdirektoratet tilskot, hovudsakeleg fordi føretaka hadde utbetra skadane ved direktesåing før dei ga melding til kommunen. Landbruks- og matdepartementet (LMD) har i 2016 presisert at meldeplikta åleine ikkje kan nekta tilskot, og at det i denne typen saker må gjerast ei vurdering av opplysningane som ligg føre i kvar enkelt sak. LMD skriv i brev av desember 2016 at andre tilsvarande saker bør behandlast på nytt, og vil koma med ytterlegare informasjon i høve til forelding og fristforlenging.

Fylkesmannen har behandla om lag 500 søknader om tilskot for 2013. Ei rekke bønder som har fått avvist eller avslått sin søknad vil bli berørt av dei nye presiseringane frå LMD. 

Fylkesmannen vil behandla aktuelle saker basert på opplysningane i kvar enkelt sak. Vi tek sikte på å vere ferdig med sakane innan mai 2017. Vi beklager sterkt saksgangen til berørte bønder, og den tida det har tatt å få avklaringa.

Avslutningsvis kan det opplysast at ordninga med tilskot til utbetring av vinterskade på eng er avvikla.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.