Studietur til Sør-Tyskland 23.-28.september 2013

Tema for turen er "Vidareforedling og verdiskaping". Vi skal sjå på økologiske gardar som foredlar gardsprodukt og som samarbeider om sal og marknadsføring av desse. Kjøtt- og mjølkeforedling står i fokus. Vi skal vere ein dag på Herrmannsdorfer Landwerkstätten, der vi også deltek på pølselagingskurs.

Turen er for lokale matprodusentar og andre som driv med mjølk- eller kjøttproduksjon og som ønskjer meir samarbeid om vidareforedling, sal og marknadsføring av lokale produkt. Dette blir ein lærerik og smakfull reise full av opplevingar til det fruktbare Sør-Tyskland! Bli med på tur og meld deg på innan 8. august!
Du finn meir informasjon om turen og stadene vi skal besøke her.

Viktig informasjon
Turen startar frå München flyplass måndag 23. september kl. 13.30 og blir avslutta laurdagsmorgon 28. september (sjølve programmet blir avslutta fredag kveld). Deltakerne må sjølv bestille flybillettar tur – retur til München. Billettprisar er billigare på søndag. Dei som har anledning til å bli ein dag til, kan vi anbefales ein tur til Salzburg eller München på laurdagen og fly heim på søndagen. Oktoberfest i München er i gang allerede.
Deltakarane har sjølv ansvar for reisa frå hotellet til flyplassen. Reiseleiar kan hjelpe til med å finne den beste reisemåten alt etter når og kor mange som reiser samtidig.

Deltakaravgift
Kr 4.500.‐ per person. Hugs at de sjølv må bestille og betale flybilletten. Vi anbefaler å kjøpe flybillett så fort du veit at du har plass på turen for å få best pris. I tillegg kjem transport frå Brannenburg til flyplassen. Det går tog til flyplassen frå Brannenburg eller deltakarane deler drosje til flyplassen. Maksi-taxi frå hotellet i Brannenburg til flyplassen i München koster om lag kr 180.- per person.

Inkludert i deltakeravgifta er busstransport i Tyskland, overnatting i dobbeltrom, frukost, lunsj og middag, deltaking i programmet samt kurs hos Herrmannsdorfer. Gi beskjed dersom du ønskjer enkeltrom. Tillegg for enkeltrom er kr 1.000,–. Dei som ønskjer å bli igjen til søndag, må betale for dette sjølv.

Påmeldingsfrist
Frist for påmelding er torsdag 8. august 2013. Påmeldinga er bindande. Deltakaravgifta er på kr 4.500,–, og det blir sendt ut faktura i forkant av reisa. Det kan bli endringar i programmet og det gir ikkje grunnlag for refusjon. Påmelding via nettstaden www.maere.no, sjå under "kurs".

Arrangør
Matnavet i Midt-Norge v/Mære landbruksskole i samarbeid med Fylkesmannen i Rogaland.
Kontaktperson på Mære landbruksskole er Rita Natvig, telefon 99 41 09 87 eller e-post rita.natvig@ntfk.no.
Ved spørsmål om programmet, ta kontakt med Annabell Pfluger hos Fylkesmannen i Rogaland på telefon 51 56 89 71 eller e-post annabell.pfluger@fylkesmannen.no.