Sandnesbedrift vann økologisk pris

Den økologiske grossisten Norganic er kåra til årets leverandør av økologiske produkt.

Prisen blei delt ut under Den norske matfestivalen i Ålesund 22. august av Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Bioforsk Økologisk og gjekk for første gong til ein bedrift frå Rogaland.

Norganic blei starta i 2002 og har som grossist ei viktig rolle for å fremje økologiske produkt. Produkta blir levert over heile landet til bakeri, spesialbutikkar, storhushaldning og industri. I grunngjevinga for prisutdelinga blir det lagt vekt på at Norganic leverer varer av høg kvalitet til heile landet. Prisen skal bidra til å løfte frem aktørar som utmerkar seg i arbeidet med å auke salet av økologiske varer, og er finansiert av Statens landbruksforvaltning.

Fylkesmannen i Rogaland gratulerer alle tilsette i Norganic med seieren!

Kontaktpersoner