1,5 millionar til gjødsellager i Rogaland

God lagerkapasitet er eit viktig middel for å sikre rett bruk av husdyrgjødsel tidleg i vekstsesongen. I vår kunne bønder i nedslagsfeltet til utvalde vassdrag søkje tilskot frå Innovasjon Norge for å byggje lager for husdyrgjødsel.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 28.06.2016

Det blei gitt tilskot til bygging av «satellittlager» for dei som har spreieareal langt frå driftssenteret, og til bygging av vanleg gjødsellager for gardsbruk som har miljøavtale i Regionalt miljøprogram. Innovasjon Norge har behandla ni søknadar, og totalt er det brukt om lag 1.5 millionar kroner på ordninga.

Etter ferdig bygging pliktar føretaka å ha tolv månadars lagerkapasitet ti år fram i tid. Det er fire månader meir enn krava i forskrift om organisk gjødsel.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.