Vil du bli ein endå betre utviklar og samfunnsplanleggar?

Då kan Samplan vere noko for deg. Samplan er eit tverrfagleg praktisk studie i planlegging for samfunnsutvikling. Samplan er egna for deg som arbeidar med utvikling og planarbeid, eller for deg som er folkevald.

 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 05.05.2021

Studien går føre med samlingar rundt i Norge frå september 2021 og blir avslutta med feltperiode i Nord-Norge i mai-juni 2022. Søknadsfristen er 15.05.21.

Samplan er etter- og vidareutdanning for samfunnsplanlegging, og er retta mot dei som har plan- og utviklingsoppgåver i kommune, fylkeskommune, statsforvaltar, departement, direktorat, statlege etatar, private planleggarar og folkevalde. 

Tilsette hjå Statsforvaltaren og frå kommunane i Rogaland har jamleg gjennomført Samplan. Kvart år deltek mellom 30 og 40 personar. Til nå har over 1500 teke kurset/studiet. Samplan gir fagleg påfyll, du treff dedikerte fagfolk frå heile landet og gir deg utvida nettverk du kan få nytte og glede av i lang tid.

"Jeg har tatt Samplan selv og lærte mye. De dekker et spekter av ulike planutfordringer fra fraflyttingskommuner til by. De er også bevisste på å velge ut studenter fra kommuner opp til departementsnivå. Det er en viktig og interessant plattform for diskusjon og nettverk." - Rogalandsdeltakar

Hovudtema på Samplan er:

  • Plan- og bygningslova som styringsverktøy
  • Styringsutfordringar
  • Innovasjon og samskaping
  • Planarbeid - metode og verktøy
  • Makt og roller i planlegginga
  • Planlegging i eit samfunnsperspektiv
  • Planteori
  • Lokal døme og synfaring
  • Metodikk for feltarbeid

Du kan lese meir om Samplan på heimesida til KS

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.