Rogaland i Horisont Europa

Regionalt partnarskap i Rogaland, der Statsforvaltaren er med, arrangerer ein regional introduksjon til Horisont Europa i Rogaland den 27. mai 2021.  

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 06.05.2021

Føremålet med det digitale arrangementet er å gi nyttig informasjon om EU sitt niande rammeprogram for forsking og innovasjon kalla Horisont Europa.

Verdas største forskingsprogram

Horisont Europa er verdas største program for forsking og innovasjon. Målet med arrangementet er å auke kunnskapen og interessen for EU-programmet. Her kan det vere kan vere store moglegheiter for prosjektfinansiering både for offentlege og private aktørar.

Meir informasjon om program og påmelding finn du på Rogaland fylkeskommune si nettside. Det blir mykje nyttig informasjon i tidsramma 10:00-11:30 den 27. mai. Velkomen til å delta!

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.