Landbruksdirektoratet er velkome til Rogaland!

I morgon har me møte med Landbruks- og matminister Jon Georg Dale om ei eventuell flytting av Landbruksdirektoratet ut av Oslo. Ingenting er då meir naturleg enn at kursen går til landets største matfylke.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 27.04.2017

Fylkesmannen og Rogaland fylkeskommune har i eige brev gitt uttrykk for korfor Landbruksdirektoratet bør flytta til Rogaland. Me er derfor invitert til møte med Landbruks- og matministeren fredag 28. april. På møtet deltek mellom andre fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa, fylkesvaraordførar Marianne Chesak og ordførar i Klepp, Ane Mari Braut Nese. Dei er godt førebudde på å fortelja ministeren korfor Rogaland er rett adresse for Landbruksdirektoratet.

4 000 bønder

Ingen stader i landet blir det produsert meir mat enn her. Me har over 4 000 bønder. Verdiskapinga frå landbruket i Rogaland er på 5,6 milliardar kroner (2014) årleg, 6 500 årsverk går med i primærleddet – i tillegg til 3 300 sysselsette i den landbruksbaserte industrien. Ringverknadene er store i alle delar av fylket.

Me har Noregs største produksjonsmiljø og ein omfattande næringsmiddelindustri innan matproduksjon. Synergiar mellom produksjonsmiljøa og industrien har vist at dei er i stand til å løysa også framtidas utfordringar for landbruket. Fylket tilbyr derfor ei komplett næringsklynge som Landbruksdirektoratet kan bli ein naturleg del av, lokalisert midt i matfatet.

Ein internasjonal region

Enten Landbruksdirektoratet vel å plassera seg i storbyområdet i Stavanger og Sandnes eller på Jæren, er det i ein av Noregs aller mest internasjonale regionar der 355.000 menneske bur, arbeider og studerer innan ein radius på under ein time - og med mindre enn ein halvtime til ein internasjonal flyplass.

Oppsummert

Ønskjer regjeringa at Landbruksdirektoratet skal bli ein del av eit innovativt landbruksmiljø med pågangsmot og framtidsretta løysingar, så er direktoratet velkome til Rogaland. Det er eit breitt samarbeid i heile næringsklynga innan landbruk, og i tilknyting til landbruket, som står bak dette engasjementet.

Brevet frå Landbruks- og matdepartementet finn du som vedlegg til nettsaka.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.