Anbefaler tidsavgrensa dispensasjon for gardsvindmøller

Ei gardsvindmølle vil i ein god del område kome i konflikt med andre viktige samfunnsinteresser - på kort eller lang sikt. Eit anlegg som kan etablerast med rimeleg låg konfliktgrad i dag, kan oppfattast heilt annleis om 25 eller 50 år. Fylkesmannen er derfor av den klare oppfatning at kommunane kan krevje dispensasjonsbehandling av gardsvindkraftanlegg.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 04.04.2013

Det finst ikkje mål eller strategiar for utbygging av småskala vindkraft i Rogaland. Og temaet er førebels lite omtala i kommunale planar. Kva kriterium skal kommunane då leggje til grunn, i si vurdering av nye gardsvindkraftsøknader? Fylkesmannen meiner at dei fleste gardsvindkraftanlegga bør behandlast som dispensasjonssaker. Hovudårsaka er at dei bandlegg og i stor grad påverkar arealbruken i eit større område rundt. Dette til forskjell frå dei fleste andre byggverk i landbruksregi.

Plan- og bygningslova og gardsvindkraftanlegg 
Gardsvindkraftanlegg blir kalla gardsvindmøller i rettleiaren ”Plan- og bygningsloven og Landbruk Pluss” (T-1443, 2005). På side 9 i rettleiaren er det beskrive kva type småskala vindkraftanlegg, som fell inn under omgrepet ”gardsvindmøller”. Fell anlegget heilt tydeleg inn under denne definisjonen, kan kommunen velje å behandle saka som ei rein byggjesak, og ikkje som ein dispensasjon frå kommuneplanen. Føresetnaden er likevel at anlegget ikkje er i konflikt med omsyna i kapittel 2.3 ”Andre viktige vurderingskriterier”  i den nemnde rettleiaren.

Kvifor dispensasjon og tidsavgrensing?
Ein svært viktig årsak til å krevje dispensasjonsbehandling er moglegheita til å gi ei tidsavgrensa byggjetillating på t.d. 25 år, og å knyte vilkår til denne. I ein rein byggesøknad kan kommunen berre setje ei tidsavgrensing dersom søkjar sjølv søkjer om tidsavgrensa byggjetillating. Gjennom å gi tidsavgrensa byggetillating kan kommunane i framtida vurdere på ny om vindmølla/-turbinen framleis er ein del av gardsdrifta, og om det framleis ligg føre den tilsikta samfunnsnytta. Slik held kommunen styringa på framtidig arealbruk i området. 

Dei mindre vindkraftsakene er utfordrande å handtere med tanke på vurdering av samla belastning for eit område, t.d. i høve kryssande interesser som naturmangfald, kulturminne, friluftsliv og framtidige utbyggingsmønster. Ved dispensasjonsbehandling må alle aktuelle faginstansar høyrast, slik at kommunen får eit komplett bilde av verknadene for samfunnet. Dette til forskjell for rein byggesaksbehandling.

Vindenergi kontra annan fornybar energi
Bruk av rein bioenergi skapar vesentlege klima- og miljøgevinstar, der biogass er i særstilling for å kunne oppnå betydeleg reduksjon av klimagassutslepp frå jordbruket. Det er derfor eit nasjonalt mål å få 30 % av all husdyrgjødsla i Rogaland gjennom eit biogassanlegg, og då treng ein biogasskundar.

Samstundes bør høgverdig energi som straum ikkje brukast til lågverdige energiformål, som oppvarming og varmt vatn, der desse kan dekkjast av meir lågverdig fornybar energiforsyning, t.d. biogass, pellets og flis. Vi oppfordrar derfor kommunane om å etterspørje kva straumen skal brukast til. Og at det blir vurdert om det er realistisk å oppnå same samfunnsnytte (inklusiv klimagevinst), med lågare samla belastning for omgivnadene, ved val av alternative typar av fornybar energi enn vindkraft. Vi minner her om moglegheita for støtte frå det nasjonale Bioenergiprogrammet, til bygging av biogassanlegg og trebaserte fyringsanlegg.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.