Uvisst korleis fruktåret blir

Biletet viser ein pæreblomst med frostskadar. Brune begerblad og brunfarge i blomsterbotnen tyder på skade.
Biletet viser ein pæreblomst med frostskadar. Brune begerblad og brunfarge i blomsterbotnen tyder på skade. (Foto: Kari Sand)

Våren har vore kald og i førre veke snødde det einskilde stader i Rogaland, men utsiktene framover er gode i følgje meteorologane. Det varme veret kjem no og først då vil vi sjå korleis frukthausten vert.

Det vert produsert morellar, plomme, pære og eple i Rogaland, og i Hjelmeland er det mange fruktdyrkarar som har fruktdyrking som hovudnæring. Før kaldvêret slo til i mai var nokre av frukttrea i full bløming og alt var klart for at biene som skulle bestøve frukttrea.

Planting i tunnel

Dei siste åra er det planta om lag 500 da med epletre og nesten 100 da med morellar i tunnel. Dei to siste åra har vore særs gode når det gjeld fruktavling, og det vert spanande å sjå korleis det går i år. I fjordnære strøk har det ikkje snødd og heller ikkje vore nattefrost, men dette har skjedd i i indre strøk. Ove Hove frå Hovsherad i Lund kommune seier at den kalde våren har tatt mykje fin knopp både på morellar og eple. Jan Magne Hovda frå Randøy i Hjelmeland har ikkje vore særs plaga av korkje snø eller nattefrost, men fortel at det enno er vanskeleg å seie noko om årets avling sidan trea er mykje seinare i bløming i år enn tidlegare år.

Morelletrea som står i tunnelar ser ut til å ha klart seg tåleleg bra i kuldeperioden. Johannes Hauge på Randøy er nøgd med morelletrea sine.

Morelletrea som står i tunnelar ser ut til å ha klart seg tåleleg bra i kuldeperioden. Johannes Hauge på Randøy er nøgd med morelletrea sine. (Foto: Kari Sand)

 

Framleis usikkert korleis epletrea har klart seg

Anne Norunn Helgøy som er fruktprodusent på Helgøy og leiar av Rogaland frukt- og bærdyrkarlag meiner at det framleis er litt uvisst korleis det vil gå med fruktavling i år, men når biene først kjem, så gjer dei ein kjempejobb på kort tid. Om nokre veker får Helgøy svar på korleis epletrea klarte seg denne kalde våren. Kanskje kjem det kjempesmå eple.

 

(Foto: Kari Sand)

 

 

 

 

Kontaktpersoner