Nye krav til avstand frå vatn ved bruk av plantevernmiddel

Det blir innført differensierte avstandskrav til overflatevatn ved bruk av plantevernmiddel. Dette kan gje ei betre utnytting av jordbruksareal, utan at risikoen for vassforureining aukar.

Mattilsynet opnar for redusert avstand til overflatevatn dersom det blir brukt utstyr og teknikkar som reduserar avdrifta. Med avdriftsreduksjon meines tiltak som gjer at plantevernmiddelet når målet og blir spreidd minst mogleg gjennom lufta til andre stadar.

På etiketten til plantevernmiddel er det ofte oppgitt avstandskrav til overflatevatn som bekkar, innsjøar eller opne grøfter med vatn. Avstandskravet er sett ut frå kor giftig plantevernmiddelet er for vasslevande organismar. Her vil det stå dersom det er differensierte krav til avstand dersom du brukar avdriftsreduserande tiltak. Det er allereie laga nye etikettar med differensierte avstandskrav for nokre få plantevernmiddel. Det er produsenten av plantevernmiddel som må søka om å få oppdatert etiketten og få inn differensierte krav til avstand. Oppdaterte etikettar finn du på Mattilsynet sine nettsider. Dei nye etikettane gjeld òg for plantevernmiddel du har kjøpt tidlegare.

Meir informasjon om dette og ein rettleiar for tiltak som gir avdriftsreduksjon finn du på Mattilsynet sine nettsider.