Mattilsynet føreslår å avslutta bekjemping av pærebrann i Rogaland

Friske epletre i Ryfylke. Foto: Statsforvaltaren i Rogaland

Mattilsynet har sendt på høyring eit forslag til endring av regelverket for tiltak mot pærebrann. Tilsynet føreslår å avslutta bekjemping av skadegjeraren i Rogaland. 

Publisert 25.04.2024

Pærebrann er ein alvorleg skadegjerar på eple- og pæretre og ei rekke prydplantar. Bakteriesjukdomen er utbreidd på Vestlandet og Sørlandet, og Mattilsynet har prøvd å bekjempa skadegjeraren i fleire tiår.

Endringar i forskrift om tiltak mot pærebrann er no sendt på høyring. Endringane og konsekvensane kan du lesa om på Mattilsynet sine nettsider. På nettsida har du òg moglegheit til å senda inn elektronisk høyringssvar direkte. Frist for å senda høyringssvar er 23. mai 2024.   

Mattilsynet sin bekjempingsstrategi

Noverande bekjempingsstrategi delar kommunane i den delen av landet der det er funne smitte inn i pærebrannsona og bekjempingssona. I pærebrannsona blir skadegjeraren sett på som så etablert at Mattilsynet ikkje har drive bekjemping dei siste åra. Unntaket har vore rundt planteskular som produserer vertsplantar. I bekjempingssona driv Mattilsynet rydding av dei mest utsette vertsplantane. Store delar av Rogaland er i dag plassert i pærebrannsona, men nokre få kommunar og delar av kommunar er i bekjempingssona. I tillegg er det ei førebyggjande sone der det ikkje er funne smitte enno, der Mattilsynet fjernar utsette vertsplantar for å hindra smittespreiing til nye område. 

Ikkje vidare bekjemping av pærebrann i Rogaland

Det er no føreslått at Hjelmeland kommune, delar av Stavanger og Strand kommune (Finnøy, Sør-Talgje, Fogn, Fisterøyene, Halsnøya, Ombo, Stjernarøyene, Idse, Idsal og området nord for Fiskå) og Suldal kommune flyttast frå bekjempingssona til pærebrannsona. Det betyr at heile Rogaland no vil vera i pærebrannsona, og at Mattilsynet ikkje lenger vil driva nokon form for bekjemping av pærebrann i fylket vårt.  

Fleire av områda som no blir føreslått flytta over i pærebrannsona har fruktproduksjon. Produsentane i desse områda får då sjølv alt ansvaret for førebyggjande tiltak. Dette inneber at Mattilsynet ikkje vil fatta vedtak om fjerning av tre og andre tiltak dersom det blir funne pærebrannsmitte i kommersiell epleproduksjon. Dette betyr igjen at fruktprodusentane ikkje vil ha rett på offentleg erstatning.

Bakgrunnen for endringa er at bekjemping av pærebrann i område med mykje smitte ikkje har vore særleg vellukka, og Mattilsynet ønskjer å nytta begrensa ressursar til å hindra at skadegjeraren spreier seg til andre delar av landet. 

Planteskular som driv produksjon av vertsplanter 

Mattilsynet har rydda vertsplanter rundt planteskular som omsett vertsplanter i alle sonene, men vil allereie denne sesongen slutta med det i pærebrannsona. Du kan lesa meir om overgangsordningen for planteskular på Mattilsynet sine nettsider.   

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.