Godkjenning av spreieareal på innmarksbeite

Innmarksbeite i Bjerkreim
Innmarksbeite i Bjerkreim (Foto: Iris- Adele B. Jess)

Kommunane kan etter søknad godkjenne spreieareal for husdyrgjødsel på innmarksbeite. Fylkesmannen skal i eitt år framover ha kopi av alle slike vedtak.

Mange bønder vil ha meir spreieareal for husdyrgjødsel i tilfelle regelverket blir skjerpa inn. I Rogaland er det lang tradisjon for å godkjenne innmarksbeite som spreieareal. Det er kommunane som står for godkjenninga, og i løpet av 2018/2019 har dei sendt kopi av vedtaka til Fylkesmannen. Ein gjennomgang viser behov for betre vurderingar av konsekvensar for naturmangfald og vasskvalitet. Temaet har blitt tatt opp på ulike møte og samlingar, og no pålegg Fylkesmannen kommunane å halde fram med å sende kopi av vedtaka fram til juni 2020.

Gjødsla innmarksbeite – typisk Rogaland

Nær halvparten av jordbruksarealet i Rogaland er innmarksbeite. Husdyrgjødsla egner seg godt til desse verdifulle beita, men det krev rett bruk. Kven har ikkje dratt forbi eit beite der kvite steinar vitnar om gjødslingspraksisen? Desse areala har blitt ein del av det typiske kulturlandskapet i fylket, og representerer det intensive jordbruket. Der beitepraksis og tilhøva elles ligg til rette, så er bruk av husdyrgjødsel på innmarksbeite god ressursutnytting.

Ugjødsla beitelandskap er viktige for naturmangfald

Innmarksbeite som ikkje blir gjødsla utanom det dyra legg ifrå seg er normalt artsrike. 24 prosent av dei trua artane i Noreg finn vi i kulturlandskapet, mange av dei i ugjødsla beitelandskap. Naturbeitemark, ein naturtype kjenneteikna av langvarig beite utan gjødsling, har ofte store biologiske verdiar. Den finn vi som regel på areal kartlagt som innmarksbeite. Blir desse gjødsla opp vil artsmangfaldet tape seg. Det same gjeld fuktige område, myr og andre vassrike areal som er svært viktige for fuglelivet. Det er difor viktig at kommunane grundig vurderer kvar dei skal tillate spreiing av husdyrgjødsel.

Vurderingar av søknadar om spreieareal

Kommunane behandlar søknadar om spreieareal på innmarksbeite etter forskrift om organisk gjødsel. Etter § 24 kan kommunane godkjenne areal utanom fulldyrka og overflatedyrka jord som spreieareal. Ein gjennomgang av kommunale vedtak viste at kommunane må oppdatere sin praksis, særleg i høve til vurderingar etter naturmangfaldlova § 8–12. Det same gjeld vurderingar etter § 12 i vassforskrifta. Bruk av husdyrgjødsel på innmarksbeite påverkar artsmangfald og gir fare for næringstap til vassdrag. Kommunane må difor vurdere grundig om innmarksbeitet skal godkjennast som spreieareal eller ikkje.

Fylkesmannen har utarbeidd ei handbok for slik godkjenning. Av handboka går det fram at kommunen skal trekke frå uproduktivt areal (stein og liknande). Restarealet som er att teller to tredjedelar av eit fulldyrka areal ved berekning av spreieareal. Areal nærmare enn 5 meter frå open grøft, bekk, vegkant, og myrområde skal kommunen ikkje godkjenne som spreieareal. Ved vassdrag med årssikker vassføring, skal avstanden til vassdraget vere minimum 15 meter.

Fleire merknadar til kommunane

  • Det må vere tydeleg kva område som er godkjende, og kva trekkprosenten er. Når det gjeld trekkprosent, ber vi kommunane om å bruke intervalla 5,10,15 osv. Vi gjer òg merksam på at det må vere minst 15 cm med jord for å få god grasvekst. Det må kommunane ta omsyn til når dei vurderer trekkprosent.
  • Kommunane må vurdere om søkjaren har behov for slike beiteareal. Det er ikkje tilstrekkeleg at søkjaren har behov for meir spreieareal. Godkjenning av bruk av husdyrgjødsel på innmarksbeite må kome som følgje av at det er fornuftig å gjødsle med husdyrgjødsel på arealet.
  • Beitepraksis er ein del av vurderinga, og beitepraksisen skal omtalast i vedtaket. Dersom beitepraksisen er slik at dyra legg ifrå seg «nok» husdyrgjødsel, så skal ikkje areala godkjennast som spreieareal. Vedtaket bør innehalde vilkår om beitepraksis.
  • Tilkomsten til arealet er ein del av vurderinga. Det er varierande rekkevidde på spreieutstyret, og det kan setjast vilkår om utstyr jf. naturmangfaldlova § 10.
  • Bruk av husdyrgjødsel skal inngå i ein gjødslingsplan, jf. forskrift om gjødslingsplanlegging og det bør gå fram av vilkåra i vedtaket.

Kart som viser spreieareal på innmarksbeite

www.temakart-rogaland.no/spreieareal kan kommunane teikne inn kvar dei godkjenner spreieareal på innmarksbeite. Her legg dei inn trekkprosenten, og bøndene kan få vite kor mykje som teller som spreieareal.