Våt vår og forsommar- meld frå til kommunen ved mogleg avlingssvikt

Fleire er i år forseinka med vårvinna på grunn av mykje nedbør og blaute areal. For å få erstatning er det eit absolutt krav at føretaket gir melding til kommunen straks du blir klar over at skade har skjedd eller kan oppstå.  

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 01.07.2015

Det er viktig at kommunen får kontrollert areala og skadeårsak. Dersom det ikkje er meldt frå til kommunen utan ugrunna opphald, blir ein søknad om erstatning for avlingssvikt avvist.

Kva kan ein få erstatning for
Føremålet med erstatningsordninga for avlingsvikt er å redusera økonomiske tap ved produksjonssvikt forårsaka av klimatiske forhold som det ikkje er mogleg å sikra seg mot. Prinsippa for god agronomi må vera følgt for å ha rett til erstatning. Dårleg drenert areal kan føra til at rett til erstatning bortfaller eller blir redusert.

Det gis ikkje erstatning for

  • avlingssvikt som er forårsaka av sjukdomar, skadedyr og ugras, sjølv om førekomsten kan knyttast til klimatiske forhold
  • avlingssvikt som skuldast ei driftsform som ikkje er fagleg forsvarleg
  • avlingssvikt som skuldast forhold som kan kontrollerast ved aktiv bruk av førebyggjande tiltak
  • tilfelle der avtale om leigekjøring har medverka vesentleg til avlingssvikten

Det er framleis mange veker igjen av vekstsesongen slik at oversynet over avlingsåret i Rogaland ikkje vil vera klart før vekstsesongen er avslutta.

Søknadsfrist
Frist for å søkja om erstatning for klimabetinga avlingssvikt er 31.oktober.

Du finn meir informasjon om erstatningsordninga på nettsidene til Landbruksdirektoratet.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.