Sett i gang mekaniske tiltak no og bli kvitt siv!

Mekaniske tiltak mot siv i eng og beite har best effekt no, seint på hausten. Haugaland Landbruksrådgiving har kome med ein ny rapport om dette.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 22.10.2012

Haugaland Landbruksrådgiving har hatt forsøk over 2 år med kutting av lys- og knappsiv. Forsøket gjekk ut på gjentatt kutting med ulik stubbhøgde og ulik tidspunkt for kutting. Kuttinga blei gjort med ryddesag påmontert krattkniv.

For dei som satsar på pussing ein gang i året, blir det anbefalt å gjere dette om hausten. For dei som tek ugraskampen på alvor, blir det anbefalt gjentatt pussing midtsommar og haust. Kutting om våren har derimot lite effekt. Forsøka blei gjennomført med lågt beitepussarhøgde og med krattkniv på 2-4 cm under jordoverflaten. Å kutte under jordoverflata har endå betre effekt, men er så pass krevjande at det eignar seg berre for frittståande enkeltplanter. Ein effektiv måte å utarme sivplantene på, er gjentatt kutting midtsommar og haust i låg beitepusserhøgde.

Forsøket er ein del av prosjektet "Lyssiv og knappsiv på Vestlandet - kontrolltiltak frå ny biologisk kunnskap" som er eit samarbeid mellom Bioforsk, Landbruksrådgiving Hordaland, Sogn og Fjordane og Norsk Landbruksrådgiving Sunnmøre, lokallag av Norsk Sau- og Geit og Fylkesmannen Hordaland, Sogn og Fjordane og Romsdal. Haugaland Landbruksrådgiving kom med i prosjektet i etterkant med økonomisk støtte til feltforsøk frå Handlingsplanen for økologisk landbruk i Rogaland. Kontaktperson i Haugaland Landbruksrådgiving er Håkon Pedersen.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.