Stort behov for eit dyrehelsenett blant husdyraktørar

Lina Ahlèn undersøker klauv. Foto: NMBU

I ein ny rapport blir det slått fast at 65 prosent av husdyraktørane måtte leita etter nødvendig fagstoff minst ein gang i veka for å utføre jobben sin, og 90 prosent ønska ei nettbasert løysing.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 15.02.2023

Rapporten er utarbeida av Veterinærinstituttet, Animalia og Statsforvaltaren i Rogaland. Målet med prosjektet var å undersøke om det var mogleg å etablere eit «Dyrehelsenett» - ein kunnskapsbase om dyrehelse og dyrevelferd for produksjonsdyr.

Kunnskap om dyresjukdommar og smittestoff på nett

Det er i prosjektet kartlagt og avklart korleis utvikle ein hensiktsmessig og brukarvenleg kunnskapsbase om dyrehelse og dyrevelferd som skal samle og formidle relevant helsekunnskap for og frå forvalting, rådgiving og kunnskapsstøtteinstitusjonar. Målgruppa er bønder/produsentar, helsetenester, veterinærar og andre interesserte. Kunnskapsbasen skal innehalde informasjon om aktuelle dyresjukdommar og agens, samt deira status i Noreg med relevante data og statistikk. Kunnskapen skal formidlast saman med risikovurderingar og oversiktar over aktuelle truslar mot dyrehelsa både frå utland og innanlands.

Strenge krav til dyrehaldarar

Bakgrunnen for forprosjektet var at kompetansekravet til husdyrbruket er stort og nytt regelverk stiller strenge krav til dyrehaldarar. Mattilsynet, Veterinærinstituttet, den norske veterinærforeining og næringsaktørar leverte våren 2021 forslag til ny nasjonal dyrehelsestrategi på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet. Der står mellom anna: «Det vil bli behov for kompetanseheving, informasjonsarbeid og god koordinering og samhandling, for å unngå at regelverksendringene øker risikoen for introduksjon og spredning av smittsomme dyresykdommer i Norge.»

Initiativ frå veterinærar i Rogaland

Leiaren i Rogaland Veterinærforeining kontakta prosjektleiaren i «Arbeid for god dyrehelse og dyrevelferd i Rogaland» og ønska ein kunnskapsbase for storfe etter modell av Animalia sitt “Sauehelsenettverk”. Dette inspirerte Veterinærinstituttet sitt kompetansesenter for produksjonsdyr, med hovudbase i Sandnes, til å ta initiativ til å utgreie eit felles dyrehelsenett - ein kunnskapsbase som gjer aktørane i stand til å møte behov det nye regelverket skaper.

Mattilsynet, Norges miljø- og biovitenskaplege universitet, Den norske veterinærforeining og Bondelaget/Norsk bonde- og småbrukarlag har vore med i referansegruppa.

Klart behov for lettare tilgjengeleg kunnskap

På grunnlag av kva som kom fram på ein workshop, blei det laga ei spørreundersøking som ble sendt ut til aktuelle målgrupper via faglag, nærings- og interesseorganisasjonar i landbruket, Den norske veterinærforeining, Mattilsynet og landbruksskulane.

Vi fekk 337 svar på over 1200 utsendte førespurnader. Av 337 respondentar var 255 veterinær, bonde eller røktar. Dette er i samsvar med det prosjektgruppa definerte som dei viktigaste interessentane for eit eventuelt «Dyrehelsenett».

65 prosent av dei 337 respondentane hadde behov for å leite etter nødvendig fagstoff dagleg eller kvar veke, for å utføre jobben sin. Fagstoff er viktig og ein stor del svarte at fagstoff om «Diagnostikk, sjukdom, behandling» (85 prosent), «Dyrevelferd» (70 prosent), «Førebyggjande helsearbeid» (70 prosent), «Regelverk knytt til husdyrproduksjon» (65 prosent) og «Smittevern» (55 prosent) var heilt nødvendig eller viktig i deira kvardag.

I dag søker dei tilgang til nødvendig fagstoff via forskjellige kjelder, både fagbøker, kollegaer, sosiale medium, og på nett. Nettsidene til Mattilsynet, Lovdata, Animalia og Veterinærinstituttet er mykje brukt, men respondentane er tydelege på at dei ønsker i større grad å gå over til eit nettbasert oppslagsverk (90 prosent).

Samhandling og politisk forankring må til

Det blei og utarbeida forslag til ei løysing for brukarretta, digital plattform der tema som vedlikehald, interaksjonsløysningar, lagring med meir blei vurdert. Løysingsforslaget er lagt ved denne rapporten og inneheld interaksjonsskisser for å illustrere funksjonalitet og design.

Realisering av eit Dyrehelsenett vil vere avhengig av at fleire samarbeidspartnarar i næring, forvalting og kunnskapsstøtte bidrar økonomisk og innhaldsmessig, men prosjektet er og heilt avhengig av ein sentral politisk forankring.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.