Sauehaldet i Rogaland framover

I oktober 2022 svarte bøndene i Rogaland på ei spørjeundersøking utsendt av den regionale partnarskapen. Bøndene svarte mellom anna på kva dei sjølve trur det er av produksjonar på garden om 15 år. 1/4 av bruka som har sau i dag svarte at dei ikkje vil ha sau på garden om 15 år. Her nokre refleksjonar ved landbruksdirektør Geir Skadberg.

 

Publisert 29.06.2023

Sauefylket Rogaland

Rogaland har om lag 20% av sauene i landet. Ei viktig næring som mellom anna er ein føresetnad for aktiv bruk av beita. Aktiv beitebruk gir fine kulturlandskap som også er av stor verdi for folkehelsa og reiselivet. I dag er det om lag 2 360 sauebønder i Rogaland. Og det er sauebruk i alle kommunane i fylket. Desse har tilsaman kring 176 000 søyer, noko som gir ein middel buskapstorleik på 75 vinterfôra. Slik middeltal blir ofte noko misvisande, då buskapsstorleikane i vårt fylke varierer frå nokre få titals til fleire hundre. Korkje som, sauen er viktig sama om produksjonen skjer i store eller små flokkar.

Så nemner eg også heiaføringa. I dag blir om lag 20 % av sau og lam i Rogaland frakta til fjells på sommarbeite. Der ligg utmarksbeita og ventar, slik at vi forbrukarar får gode kvalitetslam tilbake. Marknadspotensiale her er stort. Heialam kan bli ein større merkevare. Så må vi hugse på at beitelaga er føresetnadane for dette viktige arbeidet og at ei heller dette arbeidet gjer seg sjølv.

Kva då dersom ein av fire sluttar?

Ja, godt spørsmål. Kva trur du? Vi veit ikkje kven desse bøndene som sluttar er. Vi veit heller ikkje kor mykje sau dei har i dag. Men at så pass mange sluttar vil jo bety ei «tynning» av fagmiljøet.  Den  grunnen dei oppgjer som viktigast for å slutta er lønsemda. Men bilete er samansett. Sjå vedlegget som viser resultata frå spørreundersøkinga.

Gitt at kvar fjerde sauebruk ikkje har sau om 15 år, ja då vil vi i Rogaland på det tidspunktet vere om lag 1 800 gardsbruk att med sau. I undersøkinga svarte 36 bønder at dei vil starte med sau innan 15 år. I høve til ein svarprosent på 40, betyr det at det kan bli nær 100 nye bruk med sau de neste 15 åra. Då er vi oppi om lag 1 900 bruk med sau. Og nedgangen i tal sauebruk er relativt lik i heile fylket.

Eg trur ikkje nedgangen i tal sauebruk i Rogaland er ein «trussel». Sauen står sterkt i Rogaland og er viktig i Matregionen Rogaland. Eg kjenner meg trygg på at Rogaland er sauefylke nr 1 også framover. Sauehald er næring som krev sin bonde! I det legg eg at sauehald ikkje er for amatørar. I realiteten ein kompetansekrevjande produksjon. Sauehald er ein grovfôrbasert produksjon og i Rogaland er innmarksbeite ein svært viktig ressurs. Hugs at 47 % av jordbruksarealet i fylket er innmarksbeite.

Med helsing

Geir Skadberg

landbruksdirektør

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.