Korleis omgå beitedyr når du ferdast i naturen?

Vis omsyn når du ferdast i beiteområde.

I Rogaland har vi mange turstiar i beiteområda, og ofte må ein passere dyr som beitar når ein ferdast i utmarka. Korleis skal ein passere dyra på ein trygg måte og kven har ansvaret viss dyret gjer skade? Kva seier regelverket? I denne artikkelen ser me på desse spørsmåla.

Publisert 03.05.2023

Korleis omgå dyr på beite?

I 2019 lanserte frilufts- og bondeorganisasjonane kuvettreglane. Hensikta er å auka kunnskapen om korleis ein skal møte dyr på beite. Heldigvis går dei fleste møte med dyr greitt. Kyr er trivelige dyr og er nysgjerrige av natur og difor kan oppfattast som pågåande. Så lenge turgåarar tek førehandsreglar, så blir turen trygg for både folk og fe.

Kuvettreglane skal gjere turgåarar merksame på korleis dei skal passere og omgå dyr på beite. Dette vil førebyggje og minka tilfella der turgåarar blir skremt eller angrepet av kyr. Dette er spesielt viktig kunnskap dersom du ferdast med hund og born. Når du ferdast saman med hund og born på beiteområde med kyr bør du som turgåar vera ekstra aktsam og halde god avstand. Generelt sett er anbefalinga å ikkje ferdast med hund på beite då hunden oppfattast som eit rovdyr og kan virka trugande for kyrne. Du og borna vil aldri klare å springa frå kua, så anbefalinga er å halde dykk på god nok avstand for å sørge for tryggleiken.

Ku med kalv på beite er oppteken av å passe på kalven. Dersom kua eller kalven føler seg truga kan kua ho angripa. Ein skal aldri gå bort til kalven på beite med ku og kalv, og heller ikkje gå mellom ku og kalv. Opptre roleg på beite, beveg deg forutsigbart og vekk frå dyra.

Dette er kuvettreglene

  1. Hold avstand til dyra og gå utenom flokken
  2. Ikke gå mellom dyra. Kyr kan bli pågående og skape uønskede situasjoner
  3. Ikke gå bort til kalven. Kua kan gå til angrep for å beskytte den
  4. Hunder bør ikke tas med til beitende dyr. Husk båndtvang 1. april til 20. august
  5. Kyr er nysgjerrige. Blir kuflokken pågående, legg ned det du har i hendene og trekk deg unna.Du kan hente igjen utstyret etter at kyrne har gått
  6. Hvis du åpner ei grind, lukk den igjen også! Åpne grinder gjør at dyrene kommer inn på områder de ikke skal være, og som kan være farlig for dem og andre

 

Du som bonde kan skrive ut plakaten og henge den opp ved grinda godt synleg for dei som skal gå tur.  

https://norskfriluftsliv.no/wp-content/uploads/2019/07/Kuvettreglene-mindr-str.pdf

 

 

 

Kva seier regelverket?

Hensikta med hanndyrlova er å unngå uønska paring. Regelverket om avgrensning i retten for å sleppa dyr på beite gjelder for hingstar, oksar, verar og geitebukkar. For verar, bukkar og oksar gjeld ikkje forbodet for beite på særskilt området der dyra blir haldne for seg, såframt området er forsvarleg inngjerda eller dyra er under forsvarleg tilsyn. 

I praksis betyr dette at oksar kan gå på beite fram til dei er 6 månader gamle. Eldre oksar enn 6 månadar skal vera forsvarleg inngjerda eller under forsvarleg tilsyn. For verar og bukkar som er fødde før 15 april same året, er det forbode å sleppe desse på beite.

Kva regelverk gjeld for oss som ferdast i naturen?

I møte med dyra kan det oppstå uønska situasjonar. Då gjeld regelverket om friluftslova og skadeerstatningslova. Etter Friluftslova § 9 femte ledd må telting og ferdsel skje på «eiga ansvar» for skade som dyr kan forårsake på personar, telt og anna eigedelar. I følgje regelverket er dyreeigar ansvarleg viss han ikkje har vært aktsam. Å vera uaktsam betyr å opptre i strid med det ein alminneleg fornuftig person ville gjort i tilsvarande situasjon.

Regelverket fritar ikkje dyreeigar frå all ansvar om uhellet er ute. Dyreeigar har ein plikt å følgje hanndyrlova, såframt at beiteområdet er forsvarleg inngjerda eller dyra er under forsvarleg tilsyn.

Om bonden vel å sleppa ut oksen på eit turområdet som er forsvarleg innegjerda eller er under forsvarleg tilsyn, må turgåarar vurdera risiko sjølv. Det er anbefala at bonden åtvarar turgåarar med tydelege skilt for å gjera dei merksam på beitedyr før dei går inn, spesielt hanndyr og ku med kalv.

Ny teknologi gjer nye moglegheiter for bonden. «Nofence» er komande gjerdeteknologi som nyttast for inngjerding av beiter. Då kan me ikkje sjå ein fysisk avgrensing mella beite og ikkje beite. Dyra har på seg ein klave som gjer lydsignal når dyret kjem utanfor det digitale gjerdet som er merka opp. Dyret lærst opp i å snu når dei høyrer lydvarselet. For turgåarar som ikkje er forberedt til å møta dyr i utmarka kan tilsynelatande «lause» dyr vera skremmande. Ved bruk av Nofence vil det vera ekstra viktig å varsla med skilt om beitande dyr for å unngå uønska situasjonar.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.