Kjekt og nyttig med UiS-student på landbruksavdelinga

Pernille B. Dahle
Pernille B. Dahle er student ved UiS, og har hatt prakisperiode hjå Fylkesmannen i Rogaland, landbruksavdelinga. (Foto: Geir Skadberg)

Pernille B. Dahle har i praksisperioden på landbruksavdelinga kartlagt svinebønder i Rogaland sine haldningar og kunnskapar knytt til dyrehelse. Resultata viser at dei aller fleste har gode rutinar for smittevern.

Auka smittefare krev førebyggande tiltak

Smittefarane er større enn tidlegare. Det krev oppdatert kompetanse rundt dyrehelse og smittevern, og eit regelverk som er tilpassa smittesituasjonen i dag. 1. juli 2018 blei dyrehelseforskrifta oppdatert. Den legg mykje ansvar på bonden. Forskrifta sett mellom anna krav til kunnskap om dyrehelse og førebyggande tiltak mot smitteoverføring og resistensutvikling, hygiene, smittevernplan og ei god smittesluse. Ein stor del av husdyrproduksjonen skjer i Rogaland, med 20 prosent av storfe og sau og 30 prosent av dei kraftfôrbaserte produksjonane i Noreg. Det er viktig å følge krava i lovverket for å beskytte seg sjølv, eigen besetning og andre besetningar mot smitte. Eit sjukdomsutbrot kan ha store konsekvensar både for bonden sjølv og for næringa. Fokuset bør difor vere på førebyggande tiltak framfor behandling av sjukdom.

Praksisplass hos Fylkesmannen

Dei siste 16 vekene har student Pernille B. Dahle hatt praksisplass i Landbruksavdelinga hos Fylkesmannen i Rogaland. Ho tek ein bachelor i statsvitenskap ved Universitetet i Stavanger, og har nå fått ein smakebit på korleis arbeidslivet kan vere. I praksisperioden har ho arbeidd med ei oppgåve om ny dyrehelseforskrift. Ho har sett på kven som kan få ei rolle i realiseringa av forskrifta, og har i den samanheng sendt ut ei spørjeundersøking til svinebønder i Rogaland.

Føremålet med undersøkinga var å kartlegge dyreeigarar sine haldningar og kunnskapar og praktisk smittevern på garden. Spørsmåla var laga med utgangspunkt i dyrehelseforskrifta. Dei fleste har god oversikt over kva som er påkravd, og tilfredsstiller i stor grad krava som gjeld. Likevel er det nokon som ikkje har alt på plass, og som må oppdatere seg.

– Me har hatt god nytte av samarbeidet, seier landbruksdirektør Geir Skadberg. God kunnskap om førebyggande dyrehelsearbeid er avgjerande. Det er eit ønske om å halde fram med samarbeidet for å lage ein meir omfattande rapport til Dahle sin bacheloroppgåve våren 2020.