Endring av husdyrkonsesjonen kan få store konsekvensar for enkelte produsentar

Ein eller fleire fødslar?
Ein eller fleire fødslar?

Landbruks- og matdepartementet har på høyring «forslag til endringer i forskrift om regulering av svine- og fjørfeproduksjonen». Den vanskelege marknadssituasjonen på svin førte til at avtalepartane ved jordbruksoppgjeret i 2018 bad om å få eit forslag til endring av husdyrkonsesjonsregelverket for å stanse vidare utvikling i bruken av eingongspurker.

Fylkesmannen i Rogaland er positiv til at det kjem eit regelverk som avgrensar framtidig utvikling med auka bruk av eingongspurker. Vidare meiner vi at det manglar ei konsekvensutreiing av effekten for dei som driv med eingongspurker og på etablerte strukturar i næringa. Forslaget vil ha store konsekvensar for dei det vedkjem.

Det er 16 år sidan siste endring av konsesjonsgrensa for gris. I desse åra har det levd ei forventing om at regelverket gir rom for høg rekruttering og bruk av eingongspurke, sjølv om dette har vore omdiskutert. Dei siste åra er det gjort store investeringar i bygg og anlegg basert på denne driftsforma, innanfor det som har vore mogleg i gjeldande regelverk. 

Hovudpunkta i vår uttale er:

  • Tal omsette og slakta gris over og under 50 kg er eit meir kontrollerbart målepunkt for konsesjon. Vi vil at det skal utarbeidast forslag til regulering av svineproduksjonen etter tal omsette smågris. Dette vil gjera at all kontroll kan skje ved bruk av dataverktøy og rapportar, og vil redusera behovet for byråkrati og «stadleg kontroll».
  • Skal regelverket fungera må det vera kontrollerbart. Innsette avlspurker kan i dag ikkje kontrollerast på annan måte enn ved «stadleg kontroll» og etter særskild krav om dokumentasjon. Om ordninga med innsette avlspurker skal oppretthaldast, må det lagast eit klart system for dokumentasjon på tal avlspurker til ei kvar tid.  
  • Ramma i ny konsesjonsgrense for utrangerte purker må ikkje setjast for stramt. Endringa vil då ramma færre besetningar, og det kan vera same tal på utrangerte avlspurker anten det er foredling, formeiring eller bruksbesetingar.
  • Ei regelendring som denne kan ikkje ha tilbakeverkande kraft. Det må utarbeidast eit eige regelverk som dei som blir råka av regelendringa kan søkja konsesjon etter.