Dyrevelferd for svin blir prioritert av Innovasjon Norge

Frilandsgris i halm av Sissel C Endresen

Innovasjon Norge har for 2023 auka pott til å støtte investeringar i landbruket. I dei regionale retningslinene er tiltak som gjeld dyrevelferd og støtte til omlegging til SPF-gris prioritert. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 14.03.2023

Auka regional pott frå 70 til om lag 90 mill. kroner gjer at fleire typer tiltak kan få støtte frå Innovasjon Norge. Dei regionale prioriteringane for støtte blei avklart i møte i partnarskapet den 18.11.2022. Innovasjon Norge melder om at det har kome inn ein del saker, men at det framleis er rom for nye saker.

Dyrevelferd for svin er viktig

Svinenæringa står føre store investeringar, men støtte til vanleg nybygg er framleis ikkje prioritert. I dei regionale prioriteringane for 2023 er det opna opp for å gi støtte til definerte investeringar knytt til omlegging til SPF-gris (gris som er fri for spesifikke sjukdommar). Dette gjeld bygningsmessige utbetringar slik at du kan oppnå godkjent SPF status. Det er nå viktig at dei aktuelle nyttar høve til å søkje om slik støtte.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.