Auka satsar for beitetilskot etter årets jordbruksforhandlingar

Beitetilskot er viktig for å stimulera til auka beiting

Jordbruksavtala er viktig for å fremme klare rammevilkår, og sørge for at jordbruksproduksjonen skal vere økonomisk berekraftig. Årets jordbruksavtale blei forhandla fram mellom staten og Noregs Bondelag, og partane vart mellom anna einige om å styrke beitetilskotet. Beitetilskot etter ny jordbruksavtale er auka med totalt 537,9 millionar kroner.

Publisert 20.06.2023

Føremålet med beitetilskot er å stimulere til auka beiting. Dette er eit viktig verkemiddel for pleie av kulturlandskap og utnytte utmarksressursane. I utgangspunktet kan alle føretak som har hatt sau, lam, geit, kje, storfe, hest, alpakka og lama på beite i minst 12 eller 16 veker søkje om beitetilskot for desse dyra. I følgje forskrifta om produksjons- og avløysartilskot i jordbruket kan det gis tilskot for dyr på beite med tilfredsstillande beitemoglegheiter, dersom hovuddelen av det daglege grovfôrinntaket til dyret skjer ved beiting. Når det gjeld tilskot til dyr på utmarksbeite, er kravet at dyra må ha vore minst 5 veker på utmarksbeite. Føretaket som søkjer som beitetilskot må disponera dyra i beiteperioden.

Kor mykje er beitetilskota endra?

Vi viser til tabell 11.20 i sluttprotokollen frå forhandlingsmøtet mellom staten og Noregs Bondelag. Beitetilskota er endra med ulik sats for beite i utmark og det generelle beitetilskotet, og for storfe og småfe. Alle satsane har auka, noko som er eit viktig verkemiddel for å innfri føremålet med tilskotet. Heile protokollen kan du lese her.

  Tilskot til dyr på utmarksbeite Tilskot til dyr på beite
  Storfe Småfe Storfe Småfe
Ny sats, kr 1 442 410 810 90
Endring, kr  + 350 + 110 + 280 + 30

 

Kva seier regelverket?

Regelverket om beitetilskot kan virka komplisert. Vi har skrive ein artikkel om kva du må vite for å søkje om beitetilskot. Den kan du lese her.

 

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.