Dårleg dyrestell kan ramma tilskotet

Ei omfattande dyrevernssak førte nyleg til at eit føretak mista heile produksjonstilskotet. Fylkesmannen ser alvorleg på dyrevernssaker, og den siste tida har vi retta søkjelyset på landbruksforvaltninga si rolle i slike saker.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 12.10.2015

Alle har ei plikt til å melde frå til Mattilsynet ved mistanke om brot på dyrevelferdslova. Mattilsynet er ansvarleg for oppfølging av dyrevernssaker. Samtidig skal Mattilsynet også informere Fylkesmannen og kommunen når dei står overfor brot på dyrevelferdslova av eit visst omfang.

Kva rolle har landbruksforvaltninga i dyrevernssaker?

Statleg landbruksstøtte skal stimulere til eit aktivt og berekraftig jordbruk. Forvaltninga kan velje å halde tilbake, eller avkorte produksjonstilskotet i saker der husdyrhald ikkje er i tråd med dyrevelferdslova.

Kommunen/Fylkesmannen skal vurdere reaksjon i utbetalinga av produksjonstilskot ved brot på lova. Det kan til dømes vere å halde tilbake tilskot, eller å avkorte tilskotsutbetalinga. Kommunane er førsteinstans i saker som gjeld produksjonstilskot, og er derfor ansvarlege for å følgje opp saker som kjem frå Mattilsynet. Fylkesmannen si rolle er mellom anna å syte for eit velfungerande samarbeid med Mattilsynet – og å sjå til at kommunane følgjer opp saker frå Mattilsynet. Vi ønskjer å leggje til rette for lik handtering av saker, uavhengig av geografisk plassering.

Eit døme på ei slik sak finn du i høgremargen. I denne saka konkluderte Fylkesmannen med å avkorte heile produksjonsstøtta i samband med ei omfattande dyrevernssak. Konklusjonen fekk full støtte av Landsbruksdirektoratet. Saka viser at landbruksforvaltninga ser alvorleg på brot på dyrevelferdslova.

Kvifor reagere?

Tilbakehald av tilskot kan stimulere til at landbruksføretaka legg om til lovleg drift, og at dei uønskte forholda blir retta opp fortare. Det er også viktig å hugse på at produksjonstilskotet er ein del av samfunnets fellesmidlar, pengar som skal forvaltast på ein forsvarleg måte. Å utbetale fullt produksjonstilskot til husdyrhald som er klart i strid med reglar om god dyrevelferd, er ikkje i tråd med god forvaltning. Det er forventa at landbruksforvaltninga skal bruke verkemidla og avkorte tilskotsutbetalinga i aktuelle saker.

Ved å ha fokus på dette området, og spreie kunnskap om at dyrevernssaker også kan påverke tilskotsutbetalinga, er det mogleg at dette verkemiddelet kan ha ein preventiv effekt.

Fylkesmannen ønskjer større merksemd rundt konsekvensane for tilskotsutbetalinga i dyrevernsaker. God dyrevelferd er viktig for landbruket, og Fylkesmannen vil ha jamt fokus på dyrevernssaker også i tida framover.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.