Kommunereforma – mal for fylkesmannen si tilråding

Fylkesmannen har denne veka fått tilsend ein mal for tilrådinga vår om ny kommunestruktur. Malen kan tilpassast det enkelte fylket.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 10.06.2016

Malen frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) gir også kommunane ein peikepinn på kva som er viktig å leggja vekt på i saksframstillinga og vedtak nå i juni. Kommunane har som kjend ein frist til 1. juli med å gjera vedtak om kommunestruktur, og Fylkesmannen skal gi tilrådinga si innan 1. oktober. Me har tidlegare sendt ut eit brev til kommunane, knytt til saksutreiing og endeleg vedtak, og me har lag ei eiga momentliste.

Les meir: Kommunereforma: Nå nærmar fristen seg

Grenseendringar aktuelt tema

I brevet vårt til kommunane har me mellom anna peika på at kommunane bør ta opp spørsmålet om aktuelle grenseendringar i samband med endelege vedtak. Dette spørsmålet er også nemnt i malen frå KMD.

Dialog

Me ønskjer ein god dialog med kommunane fram mot vedtak - og vidare i prosessen med tilrådinga vår. Denne skal leggjast fram på ei samling 27. september. Det kjem meir informasjon om dette i løpet av juni.

Du finn brevet og malen frå KMD som vedlegg til denne nettsaka.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.