Søknad om ekstraordinære omstillingsmidlar for Utsira kommune

Bilete frå Utsira. Biletet nedst til høgre er utsikta mot Utsira Nord, slik horisonten ser ut i dag utan havvindmøller. Foto med vindmøller: John Gunnar Skien Andre foto: Kristine Enger

Utsira kommune har dei siste fire åra brukt ein stor del av sine eigne ressursar på å følge opp private og offentlege interessentar for havvindsatsinga på Utsira Nord. Kommunal- og distriktsdepartementet har haldne tilbake skjønnsmidlar til kompensasjon for ekstraordinære kostnader i kommunane. Statsforvaltaren søker difor til departementet om ekstraordinære omstillingsmidlar på vegne av Utsira kommune. 

Publisert 22.04.2024

Utsira kommune treng å bruke eigne ressursar til ordinære tenester og viktige oppgåver i kommunen. Kommunen kan ikkje lengre bruke av desse ressursane til å følgje opp alle interessentar i havvindsatsinga, utan at det får negative konsekvensar.

Kommunen ønsker å vere ei god vertskommune for flytande havvind på Utsira Nord, men den store pågangen og alt som kan skje frå Utsira krev meir ressursar enn det kommunen har. Utsira er Norges minste kommune i folketal med 215 innbyggarar (per 4. kvartal 2023). Utsira Nord vil bandlegge 61 prosent av samla areal, inkludert sjøareal i kommunen. 52 prosent av Utsira Nord-feltet ligg innafor kommunegrensene til Utsira kommune. 

Statsforvaltaren søker på denne bakgrunnen om 25 millionar kroner i ekstraordinære skjønnsmidlar på vegne av Utsira kommune. Midla skal gå til dekning av dokumenterte kostnader for planlegging og omstilling til ei framtidig vertskommune for havvind. Statsforvaltaren tilrår at kommunen set midla på eit bunde fond og bruker dei med om lag fem millionar kroner per år i fem år.

Som eit alternativ søker Statsforvaltaren om at kommunen får 5 millionar kroner i ekstraordinære skjønnsmidlar for 2024, og at kommunen kan kome tilbake med nye søknader i åra som kjem.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.