Kostra-rapportering 2023

Snart er det klart for rapportering til KOSTRA databasen (KOmmune-STat-RApportering). Kommunane, interkommunale selskap, kommunale foretak og nokre kommunale samarbeid skal rapportere til Statistisk sentralbyrå (SSB) innan 22. februar 2024. Kommunal- og distrikstsdepartementet har og publisert ein ny vegvisar for rapporteringa neste år. 

Publisert 20.12.2023

Fristar for levering av data for 2023

Elektronisk rapportering kan skje frå og med 2. januar 2024. Frist for rapportering av helse- og omsorgstenester, helse- og omsorgsinstitusjonar, sosialhjelp, kvalifiseringsstønad og barnevern, har frist 15. januar 2024.

For rapportering av andre tenestedata, unnateke skjema 4B (heimetenester), er fristen 15. februar 2024. Rapportering av rekneskapsdata er sett til 22. februar 2024.

Skjema 4 B - utgifter til heimetenester - har rapporteringsfrist 15. april 2024.

Kommunar som ikkje har bestemte ordningar, for eksempel kvalifiseringsstønad eller eigedomsskatt, skal likevel sende inn det aktuelle KOSTRA-skjemaet, og krysse av for at det ikkje er noko å rapportere. Dette for at Statistisk Sentralbyrå (SSB) skal få oversikt over kven som har rapportert, og for å estimere korrekte summar på regions- og landsnivå.

 

Viktig endring i KOSTRA Vegvisaren for 2024

KOSTRA vegvisaren for 2024 er nyleg publisert. Den visar også endringane frå 2023 til 2024. Vi tilråder å bruke den publiserte vegvisaren som eit oppslagsverk når ein førar postane gjennom året. Den viktigaste endringa er at funksjon 254 Helse- og omsorgsteneste for heimebuande blir sletta, og erstatta av to nye funksjonar.

- 257 Heimetenester – personellbase knyta til bufellesskap/samlokaliserte
omsorgsbustadar
- 258 Heimetenester – ambulerande verksemd mv.


Endringa inneber at bufellesskap og samlokaliserte omsorgsbustadar med tilknytt
personellbase (bustad basar) inngår i funksjon 257, mens ambulerande verksemd og dei andre
heimetenester inngår i en ny funksjon 258.

Bakgrunnen er at funksjon 254 var for omfattande og ikkje detaljert nok til å gi gode og samanliknbare nøkkeltal i KOSTRA, mellom anna fordi kommunane har organisert heimetenesta ulikt. 

Meir informasjon om rapporteringa finn du i breva frå Kommunal- og distriktsdepartementet og SSB, lagt ved til høgre i artikkelen. I brevet frå departementet finn du og lenke til Rettleiaren til kontoplanen i KOSTRA, og endringar i enkelte funksjonar og artar.

 

Treng du hjelp i samband med rapporteringa har SSB ei eiga brukarteneste. Spørsmål kan rettast til: kostra-support@ssb.no eller til telefon 62 88 51 70.

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.