Handbok for budsjettarbeid

Treng du ei handbok og ein modell for korleis saksframlegg i samband med årsbudsjett og økonomiplan kan utformast? I samarbeid med NKK og fleire kommunar har Fylkesmannen i Troms laga eit slikt verkty.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 20.10.2006

Her finn ein også framlegg til nødvendige punkt i budsjettinnstillinga frå formannskapet til kommunestyret. Modellen kan brukast som kladd og kopierast over i kommunens eige saksbehandlingssystem når saksframlegget er ferdig skrive.

Reknearkmodellen heiter "Mal for økonomiplan". Data som ein legg inn i denne, kan kopierast inn i tabellar og figurar i saksframlegg og innstilling. Det er ein fordel å leggje data inn i reknearkmodellen før ein startar saksframstillinga. Det er enkelt å oppdatere økonomiplanen med dei endringane i innstillinga frå formannskapet som kommunestyret eventuelt vedtar. Slik kan utskrift av endelig vedtak bli enklare.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.