Mellombels bustadtilbod

Personar som ikkje har ein stad å sove og opphalde seg det neste døgnet, har krav på eit mellombels bustadtilbod. Det er Nav-kontoret som har plikt til å finne eit mellombels bustadtilbod.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 17.06.2014

Tenesta skal hindre bustadløyse, og er meint å vere av kort varigheit. Når det er behov for det, skal Nav-kontoret medverke til å skaffe varig bustad.

Mellombels bustadtilbod som blir nytta, må ha ein forsvarleg standard og skal vere tilpassa tenestemottakar sitt behov.

Viss tenestemottakar ikkje har pengar til å betale for mellombels bustadtilbod, må Nav-kontoret vurdere om tenestemottakar skal få økonomisk stønad til dekning av utgiftene.

Nav-kontoret må vurdere ein søknad om mellombels bustad same dag som dei tek imot søknaden. Avgjersle om mellombels bustadtilbod er eit enkeltvedtak. Dette inneber at tenestemottakar kan klage på vedtaket. Fylkesmannen er klageinstans. Ei eventuell klage skal leverast til Nav-kontoret som først skal vurdere saka på ny.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.