Treng skolen din fleire lærarar?

Frå og med skoleåret 2018-19 blir ein ny norm for lærartettleik innført. Det skal vere 16 elevar per lærar på 1-4.trinn og 21 på 5.-7.trinn og 8.-10 .trinn. Utdanningsdirektoratet har laga ein kalkulator som bereknar kor mange nye lærarar ein treng.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 21.02.2018

Korleis blir dette rekna ut?

Normen for lærertettleik er basert på gruppestorleik 2, som viser elevar per lærar i ordinær undervisning. Ressursar til spesialundervisning og undervisning i særskilt norsk er ikkje rekna med.

Lærarnormkalkulator

For å bistå skolar og skoleeigarar med å berekne kor mange årsverk til undervisning dei treng for å oppfylle norma, har Udir utvikla ein lærarnormkalkulator i Grunnskolens Informasjonssystem (GSI). Kalkulatoren vil i første omgang kun bli tilgjengeleg for dei ved skolane eller kommunane som har innloggingstilgang i GSI. 

I kalkulatoren blir det henta inn data frå GSI per. 1. oktober 2017 for hovudtrinna (1.-4., 5.-7., og 8.-10. årstrinn), men skolane står fritt til å justere i felta som blir nytta i berekningane, slik at ein kan korrigere tala ut i frå forventa situasjon skoleåret 2018-19.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner