Kva gjer PPT?

PPT står for pedagogisk psykologisk rådgjevingsteneste.  PPT skal hjelpe til med at alle har eit inkluderande, likeverdig og tilpassa pedagogisk tilbod. Kvar kommune skal ha ei slik teneste.

PPT sitt mandat er heimla i opplæringslova §5-6, barnehagelova §19c og friskolelova § 3-6.

Kven skal PPT hjelpe

  • Barn
  • Elevar
  • Lærlingar
  • Praksisbrevkandidatar
  • Vaksne med behov for særskild tilrettelegging

Særskilte behov

Dei som treng hjelp frå PPT er ikkje ei eins gruppe. Det er ikkje naudsynt med ein diagnose. Det kan t.d. vere

  • Språk- og talevanskar
  • Konsentrasjonsvanskar
  • Sosiale- og emosjonelle vanskar
  • Atferdsvanskar
  • Syn- og hørselsvanskar
  • Generelle lærevanskar eller fagvanskar
  • Lese- og skrivevanskar
  • Matematikkvanskar
  • Nonverbale lærevanskar

PPT skal sikre at barnet/ eleven får uttale seg om forhold som gjeld dei, jf. Barnekonvensjonen artikkel 12. PPT skal gjere ei barnets-beste-vurdering jf. Barnekonvensjonen artikkel 3.

System- og individretta arbeidsoppgåver

Alle har krav på eit inkluderande, likeverdig og tilpassa pedagogisk tilbod i barnehage og skole. I tillegg til å skrive sakkunnige vurderingar for einskildpersonar, skal PPT hjelpe barnehagar og skolar med systemretta arbeid. Dette skal bidra til å auke kompetansen i barnehagane og skolane, slik at dei betre kan tilpasse det allmennpedagogiske tilbodet etter forutsetningane til barna og elevane.

Kommunen eller fylkeskommunen melder behov til PPT

Gjeld meldinga til PP-tenesta behov for vurdering av rett til spesialpedagogisk hjelp eller spesialundervisning, er det kommunen eller fylkeskommunen (i praksis barnehagen eller skolen), i samarbeid med føresette/ elev som sender melding til PP-tenesta. Føresette eller barn over 15 år, må samtykke før melding vert send.

Sakkunnig vurdering

Før kommunen/ fylkeskommunen kan fatte vedtak om rett til spesialundervisning/spesialpedagogisk hjelp, må det liggje føre ei sakkunnig vurdering.

Vurderinga skal greie ut og ta stilling til om personen har behov for spesialundervisning/spesialpedagogisk hjelp.

Sakkunnig skal greie ut og ta standpunkt til

  • Utbytte av ordinær opplæring
  • Lærevanskar og særlege forhold hos personen
  • Realistiske opplæringsmål
  • Om vanskane kan avhjelpast innan tilpassa opplæring
  • Kva for opplæring som samla vil gje personen eit forsvarleg tilbod

Du kan lese meir om PPT på Udir sine sider

https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/samarbeid/pp-tjenesten/