Barn i fosterheim

Statsforvaltaren får ofte spørsmål som gjeld barn i fosterheim. Vi har laga eit oversyn over ofte stilte spørsmål og svara finn ein i barnehagelova, opplæringslova og barnevernsloven.

Publisert 17.04.2024

Når gjeld meldeplikta til barnevernet for tilsette i skole og barnehage?

Barnehagelova § 46 og opplæringslova § 15-3 seier at personalet skal gi opplysningar av eige tiltak når det er grunn til å tru at eit barn blir mishandla i heimen eller det ligg føre andre former for alvorleg omsorgssvikt, eller når eit barn har vist vedvarande alvorlege åtferdsvanskar. Plikta ligg på den enkelte tilsette.

Vilkåra har samanheng med barnevernet si ivaretaking av oppgåver etter barnevernsloven. Sjølv om desse vilkåra ikkje er oppfylte kan barnehagen eller skolen ta kontakt med barnevernet ut frå ei meir generell bekymring. Saka kan også diskuterast anonymt med barnevernet før ei eventuell konkret bekymringsmelding.

Kva for skole skal barnet gå på?

Nærskoleprinsippet gjeld også for fosterheimsplasserte barn. Fosterbarnet vil som hovudregel ha rett til å gå på nærskolen, enten dette er barnet sin tidlegare skole eller ein skole nær fosterheimen, jf. opplæringslova § 8-1 første ledd.

Kan fosterforeldre klage på enkeltvedtak som gjeld fosterbarnet?

Som utgangspunkt er det barnevernet som tar hand om barnet sine partsrettar. I opplæringslova går dette fram av § 15-6 og i barnehagelova av § 32, knytt til retten til spesialpedagogisk hjelp og retten til tilrettelegging for barn med nedsett funksjonsevne. Dersom fosterforeldra har oppfatningar knytt til kva som er best for barnet må dei ta dette opp med barneverntenesta.

Ut frå ei konkret vurdering kan fosterforeldra likevel ha rettsleg klageinteresse jf. forvaltningslova § 28. I enkelte tilfelle kan omsynet til barnets beste også tale for å ta klage frå fosterforeldre opp til behandling. Denne forståinga følgjer av uttale frå Sivilombudsmannen.

Fosterforeldre si rolle er «å utøve dagleg omsorg». Ved tvil må skolen/ barnehagen krevje klar beskjed frå barnevernet om fordeling av avgjerdsrett.

Vesentlege spørsmål, som val av skole og utdanning høyrer ikkje inn under den daglege omsorga. Elles gjeld også barnet si rett til sjølvråderett i slike spørsmål frå fylte 15 år, jf. barnelova § 32. 

Kva for rettar har biologiske foreldre?

Det gjeld eit «minste inngreps prinsipp» i barnevernlova. Biologiske foreldre kan ha rett til informasjon om barnet, også etter omsorgsovertaking. I dei fleste tilfella bør dei mellom anna kunne delta på foreldremøte, etter avtale med barneverntenesta. For eventuell henting i barnehage/ skole for samværsrett, må dette være avklart med barneverntenesta.

Korleis kan ein barnehage eller skole vite at barnet er under omsorg?

Barneverntenesta eller fosterforeldra må dokumentere ovanfor skole/ barnehage at det ligg føre formell omsorgsovertaking. Tenesta har anledning til å gi nødvendig informasjon til barnehage og skole, jf. unntak frå teieplikt i barnevernsloven § 13-1 og Fosterhjemsavtalen (KS og Norsk Fosterhjemsforening).

Kva for kommune har økonomisk og fagleg ansvar for barn/ elevar i fosterheim?

Den kommunen som etter barnevernsloven § 15-11 har økonomisk ansvar for desse barna, ber også det økonomiske ansvaret for grunnskoleopplæringa og eventuell spesialundervisning, jf. forskrift til opplæringslova § 18-1 bokstav b. Tilsvarande reglar går fram av forskrift om økonomisk ansvar for spesialpedagogisk hjelp i barnehage § 3. Denne kommunen får gjennom vedtaksplikta eit visst ansvar også for det faglege innhaldet i spesialundervisninga/ den spesialpedagogiske hjelpa. Sakkunnig vurdering før enkeltvedtak skal gjerast av PPT i vertskommunen.

Når det gjeld det ordinære barnehagetilbodet, oppfylling av retten til plass i barnehagelova § 16 og eventuelt vedtak om tilrettelegging av barnehagetilbodet for barn med nedsett funksjonsevne jf. barnehagelova § 37, er det kommunen der barnet er busett som har det økonomiske ansvaret. Vedtak om tilrettelegging skal fattast av kommunen der barnet er folkeregistrert, då barnet vil bli folkeregistrert i vertskommune.

Kva for kommune som har økonomisk ansvar for styrking av SFO når barn har særskilte behov er ikkje regulert i opplæringslova med forskrifter. Statsforvaltaren har i desse sakene vurdert ansvaret ut frå reglane i barnevernlova og konkludert med at dekning av ekstra utgifter i SFO må sjåast i forlenginga av dei tiltaka som barneverntenesta har sett som naudsynte ved utøving av omsorgsansvaret etter barnevernlova. Det vil seie at det er opp til omsorgskommunen å bestemme om barnet skal gå i SFO og dermed dekke dei utgifter som oppstår i den forbindelse. Barnet kan elles ha rett til tiltak i medhald av helse- og omsorgstenestelova, for eksempel brukarstyrt personleg assistent (BPA).

Ved flytting: Skal skolen/ kommunen informere tilflyttingskommune om forhold ved eleven? Korleis ivareta teieplikta?

Samtykke til deling av personlege opplysningar må innhentast frå barnevernet.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner