Klage på standpunktkarakter i fag i grunnskolen

Alle elevar har rett til å klage på standpunktkarakter dersom eleven meiner at gjeldande reglar for fastsetting av standpunktkarakter ikkje er følgt. Eleven har også rett til å klage dersom han eller ho ikkje har blitt vurdert i faget (vedtak om IV). Det er ikkje klagerett på undervegsvurderinga. Klagen må vere skriftleg og skal sendast til skolen.  

Publisert 08.04.2024

Statsforvaltaren er klageinstans

Skolen skal sende klagen vidare til Statsforvaltaren som er klageinstans. Saman med klagen skal skolen legge ved ei grunngiving for standpunktkarakteren frå faglærar og ei uttale frå rektor. Klagaren skal ha kopi av det som skolen sender til Statsforvaltaren.   

Statsforvaltaren vurderer om skolen har følgt reglane i §§ 3-3 og 3-15 i forskrifta til opplæringslova då dei fastsette karakteren. Statsforvaltaren vurderer ikkje om karakteren eleven har fått er «riktig».  

Kva må skolen legge ved klage på standpunktkarakter i fag

Vi vil trekke fram nokre viktige punkt i samband med innsendinga. Merk at de finn meir utfyllande informasjon i Udir sin rettleiar for behandling av klage.                              

Rektor sin uttale

Rektor skal m.a. gjere greie for om saksgangen på skolen har vore eller ikkje vore i samsvar med forskrifta. Dersom rektor konkluderer med at reglane er følgt, går rektor god for faglærar si utgreiing.  

Rektor kan også vurdere at faglærar si utgreiing ikkje er god nok. Då bør rektor be faglærar grunngi vurderinga betre før oversendinga. Rektor kan også finne at faglærar har gjort feil då han eller ho sette standpunktkarakteren. Då kan rektor gi eleven medhald i klagen. Sjå også Udir sin rettleiar for behandling av klage 

Skolen skal i alle tilfella sende klagen vidare til Statsforvaltaren.  

Faglærar si grunngjeving

Faglærar si uttale skal vise  

  • at han eller ho har gjort ei vurdering av eleven sin samla kompetanse ved avslutninga av opplæringa, basert på kompetansemåla i læreplanen og i lys av teksten om faget,  deriblant relevansen til faget og kjerneelementa. Omtalen om standpunktvurdering i læreplanen kan også vere til hjelp for faglærar. 

For å vise eleven sin samla kompetanse i faget, må faglærar beskrive den kompetansen eleven har oppnådd ved avslutninga av opplæringa. Beskrivinga skal vere individuell og konkret, med eksempel som samla dekker kompetansemåla i faget. Det vil ikkje vere tilstrekkeleg å  vise til kjenneteikn på måloppnåing i faget (udir.no). Desse er utforma primært som ei støtte for lærar i vurderingsarbeidet.  

Uttalen skal også vise 

Statsforvaltaren vurderer også om det er trekt inn utanforliggjande moment som innsats, fråvær og åtferd i fag der det ikkje går fram av kompetansemåla at dette skal bli vurdert.  

Om dokumentasjon

Statsforvaltaren skal vurdere om faglærar har følgt reglane i forskrifta då han eller ho fastsette standpunktkarakteren. Det sentrale i dokumentasjonen er derfor at faglærar si uttale/grunngjeving viser korleis reglane er følgt.  

Statsforvaltaren treng t.d. ikkje dokumentasjon på elevarbeid eller omtale av regelverket. Elles må skolen vurdere kva som er relevant og nødvendig å legge ved i kvar einskild sak.  

Elektronisk innsending av klage

Skolen skal bruke det  elektroniske skjemaet når dei sender inn klage på standpunktkarakter i fag og klage i orden og i åtferd. Skolen skal registrere all generell informasjon i det elektroniske skjemaet og kan laste opp aktuell dokumentasjon som vedlegg. Skolen skal fylle ut eitt skjema for kvar karakterdet blir klaga på. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.