Eksamen

Fylkesmannen har mellom anna som oppgåve å følgje opp regionalt arbeid med det nasjonale kvalitetsvurderingsssystemet, herunder eksamen.

Oppgavene går ut på sensur og klagebehandling for skriftleg eksamen i grunnskolen, vidaregåande opplæring og grunnskoleopplæring for vaksne.

Arbeidet omfattar:

  • oppnemning av sensorar
  • fordeling av sensorane i eksamenssystemet
  • innkalling og gjennomføring av møter i samband med fellessensuren
  • organisere klagebehandling ved klager på eksamenskarakterar
  • medverke til å utarbeide karakterstatistikk
  • økonomirapportering av forbruk i samband med eksamensordninga

31.10.2019

Fellessensur i grunnskolen og vidaregåande opplæring våren 2020

Utdanningsdirektoratet har fastsett tidsplanen for sentralt gitt eksamen våren 2020.  Under finn du datoane Fylkesmannen i Rogaland arrangerer fellessensur. Vi ber at skoleeigar tek omsyn til desse datoane ved planlegging av lokalt gitt eksamen.

20.02.2019

Innan 1. mars må skolane foreslå fagpersonar som sensorar og melde på kandidatar til eksamen våren 2019

Rektor kan foreslå fagpersonar som sensorar til sentralt gitt eksamen i grunnskolen og vidaregåande skole. Registreringa må skje i PAS-eksamen innan 1. mars 2019. Alle skolar skal melde på sine kandidatar til sentralt gitt eksamen våren 2019 i grunnskolen og vidaregåande skole. Påmeldinga skjer via skoleadministrativt system, eller direkte i PAS-eksamen innan 1. mars.

28.05.2018

Dispensasjon og annullering av eksamen

I nokre tilfeller blir det gjort formelle feil ved eksamensgjennomføringa. Då skal skolane, på vegne av eleven, sende søknad om å annullere eksamen. Det er Utdanningsdirektoratet som handsamer søknader om dispensasjon og annullering av eksamen.

27.11.2017

Nasjonale føringar for nettbaserte hjelpemiddel til sentralt gitt eksamen i grunnskolen

I grunnskolen skal elevar og vaksne ha tilgang til eit avgrensa utval av nettbaserte hjelpemiddel under sentralt gitt eksamen.

19.04.2016

Førebu elevane til eksamen i grunnskolen

Utdanningsdirektoratet ber skolane bu elevane på eksamen. Her finn ein og informasjon om korleis skolane skal bu seg og gjennomføre eksamen på eit trygt og sikkert vis.

Flere nyheter