Skulemiljøsaker hos Statsforvaltaren i 2023

Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø, og for å ivareta denne retten har skulane ei aktivitetsplikt. Elevar og føresette kan melde ifrå til Statsforvaltaren dersom dei opplever at skulen ikkje gjer nok for at eleven skal få det trygt og godt. I 2023 fekk Statsforvaltaren i Rogaland 212 meldingar om dette. 

Publisert 05.03.2024

Aktivitetsplikta inneber at dei tilsette på skulen skal følge med på korleis elevane har det på skulen, dei tilsette skal gripe inn mot krenking, og dei tilsette skal varsle rektor dersom dei får mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø. Skulen skal snarast undersøke saka, og sette inn tiltak. Tiltaka skal stå i ein skriftleg aktivitetsplan. 

Dersom ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø, kan eleven eller foreldra melde saka til Statsforvaltaren etter at saka er tatt opp med rektor. 

I 2023 fekk Statsforvaltaren i Rogaland 212 meldingar om at elevar ikkje har eit trygt og godt skulemiljø. 43% av meldingane gjaldt jenter, og 57% av meldingane gjaldt gutar.  

Meldingane fordelte seg slik mellom dei ulike trinna: 

  • Barnetrinnet – 23% 
  • Mellomtrinnet – 48% 
  • Ungdomstrinnet – 23% 
  • Vidaregåande – 6% 

 Dei 212 meldingane blei behandla slik av Statsforvaltaren: 

  • Det blei fatta vedtak i 135 saker. 
  • 77 saker blei avvist eller meldaren trakk klagen.
  • I sakene der vi fatta vedtak, fekk 85% medhald i at skulen ikkje hadde oppfylt aktivitetsplikta. I 15 % av vedtaka fekk ikkje meldar medhald. I dei sakene meinte vi at skulen hadde oppfylt aktivitetsplikta. 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner