Ein trygg skoledag utan mobbing

Det er enkelt å ta kontakt med oss! Bruk det første skjemaet til å gi kort beskjed til oss slik at me kan ta kontakt med deg. I det andre skjemaet kan du skriva litt om grunnen til at du melder frå til oss.

Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt skulemiljø utan mobbing og krenkingar. Viss du som elev ikkje har det trygt og godt på skulen, skal skulen hjelpe til. Viss skulen ikkje hjelper til, kan du ta kontakt med oss hjå Fylkesmannen.

Sei frå til rektor først

Viss du ikkje har det bra på skulen, må du eller foreldra dine melde frå til rektor. Rektor skal ta deg på alvor og skulen må undersøke det som har skjedd. Dei vaksne på skulen skal gjere alt dei kan for å hjelpe deg. Skulen skal ta tak i saka di innan det har gått ei veke. Deretter skal skulen lage ein skriftleg plan for korleis dei skal hjelpe deg. Du kan vere med på å lage planen om du ønskjer det

Sei frå til Fylkesmannen viss skulen ikkje gjer nok

Viss skulen brukar meir enn ei veke på å gjere noko med saka, kan du kontakte oss hjå Fylkesmannen. Det same gjeld viss du føler at skulen ikkje tek deg på alvor. Vi som jobbar hjå Fylkesmannen skal først finne ut om skulen har gjort jobben sin. Etter det kan vi bestemme kva skulen skal gjere for at du skal få ein trygg og god skulekvardag.

PS. Du kan alltid kontakte oss som jobbar hjå Fylkesmannen viss du lurer på noko. Bruk kontaktinformasjonen oppe til høgre for å finne Fylkesmannen i fylket ditt.

Du kan ta kontakt med desse i utdanningsavdelinga vår. F.v. Hallgeir Bø, Hjalmar Arnø, Anita Olufsen, Randi Bjørkås, Anne Wilson og Lars Wetteland.

Denne gjengen i utdanningsavdelinga vår tar hand om sakene knytt til skulemiljø. F.v. Hallgeir Bø, Hjalmar Arnø, Anita Olufsen, Randi Bjørkås, Anne Wilson og Lars Wetteland. (Foto: John Gunnar Skien / Fylkesmannen i Rogaland)

 


05.03.2019

Ny informasjonsfilm om kap.9a frå Fylkesmannen

Elevar frå Bryne vidaregåande skole har laga informasjonsfilm om retten til eit trygt og godt skolemiljø. I haust fikk elevar frå Bryne videregåande skole, MK2, spørsmål om å lage ein informasjonsfilm om Kap. 9A frå Fylkesmannen. Fylkesmannen ønska ein film om temaet trygt og godt skolemiljø, og informasjon om elevane sin rett til å kjenne seg trygge på skolen. Filmen skulle ha fokus på elevane si oppleving av kva som kan vera utrygt på skolen, og kva dei kan gjere for å få hjelp av vaksne.

31.01.2019

139 mobbesaker til Fylkesmannen i Rogaland i fjor

I 2018 fekk me inn 139 nye saker. 110 saker var ferdigbehandla ved utgangen av året. Aktivitetsplikta var broten i 77 prosent av tilfella. 


Kontaktpersoner

Dette står i lova

Alle elevar har rett til eit trygt og godt skolemiljø. Skolen skal ha nulltoleranse mot krenking, som mobbing, vold, diskriminering og trakassering.

Skolen skal heile tida arbeide for best mogleg skolemiljø og at skolen blir opplevd som trygg og god for elevane. Rektor har ansvaret for at dette blir gjort.

Alle vaksne som arbeider på skolen skal følge med på at elevane har det bra og gripe inn mot mobbing og anna krenking. Dei skal også varsle rektor viss dei får mistanke eller kjennskap til at ein elev ikkje har det trygt og godt.

Dette står i opplæringslova kapittel 9A og gjeld frå 1.8.2017