Skriv frå Riksadvokaten om samhandling mellom barneverntenesta og politiet ved tilrettelagde avhøyr av barn

Den 2. oktober 2015 vart nye paragrafar i straffeprosesslova om avhøyr av m.a. barn gjeldande, jf. straffeprosesslova § 239.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 21.12.2015

Den nye avhøyrsmodellen- tilrettelagde avhøyr-  erstattar ordninga med dommaravhøyr, og inneber at politiet no har overteke ansvaret for avhøyr av barn og særleg sårbare vaksne frå domstolane. Det er føresett at politiet si etterforsking og barnevernet sine undersøkingar i større grad skal kunne skje parallelt med denne ordninga, og i den samanhengen har Riksadvokaten komme med eit skriv om samhandling mellom barneverntenesta og politiet ved tilrettelagde avhøyr av barn.

Punkt 16 om «Pålegg av teieplikt. Forholdet til barnevernet sine plikter» i dei vedlagte retningslinene frå Riksadvokaten vil vere av særlege interesse for barneverntenesta.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.