Nytt rundskriv om sakshandsaminga i barnevernstenesta

Rundskrivet er utarbeidd av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet. Det tek føre seg dei ulike fasane i ei barnevernssak, og gir ei oversikt over regelverket og sentrale problemstillingar.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 12.06.2017

Rundskrivet er først og fremst eit verktøy for dei tilsette i den kommunale barnevernstenesta. Det omhandlar sentrale tema som tilsette i tenestene må ta stilling til, og gir rettleiing til mange av dei vanskelege vurderingane som vert gjort kvar dag. Rundskrivet  inneheld også lenker til tolkingsuttaler og andre rettskjelder, og til ei rekke rundskriv, handbøker og rettleiarar, både på barnevernsfeltet og samarbeidande tenester.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.