Bufetats bistandsplikt

Kor raskt må Bufetat tilby barneverntenesta eit forsvarleg tiltak ved plasseringar etter barnevernlova § 4-4, fjerde ledd?

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 28.04.2016

Bufdir skriv i ein tolkningsuttale av 4. desember 2015, at tilstrekkeleg kapasitet til raskt å kunne plassere barn som treng dette utanfor heimen, er ein viktig del av Bufetat sitt ansvar. I denne uttalen blir det presisert at dette gjeld uavhengig av kommunen sin bruk av heimel for plassering. Bufetat må, etter direktoratet si vurdering, ha fosterheim og institusjonsplassar som er eigna til å gi det enkelte barnet ei god og forsvarleg omsorg til rett tid.

Kva som er forsvarleg utøving av bistandsplikta ved plasseringar etter barnevernlova § 4-4, fjerde ledd må etter direktoratet si forståing vurderast konkret opp mot situasjonen til barnet.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.