24 av 26 kommunar i Rogaland har nå akuttberedskap for barnevernet

Ei kartlegging av kommunane i Rogaland sin akuttberedskap i april/mai 2017 viste at berre 3 av 26 kommunar i Rogaland hadde formalisert beredskap for barnevernet heile døgnet, alle dagar i året. I dag oppfyller 24 av 26 kommunar dette kravet.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 31.01.2019

Fylkesmennene i landet fekk i 2018 i oppdrag frå Barne-, ungdoms og familiedirektoratet (Bufdir) å følge opp og bidra til at alle kommunar i Rogaland får ein forsvarleg organisering av akuttberedskap i barnevernet i løpet av 2018. Kommunane i Rogaland har jobba bra med dette i 2018, og det er nå berre to kommunar som ikkje har formalisert beredskap for barnevernet utanom ordinær arbeidstid.

Fylkesmannen vil i 2019 fortsatt følge opp dette arbeidet, slik at alle kommunane i Rogaland skal ha akuttberedskap på plass så snart som mogleg. Den vidare oppfølginga frå Fylkesmannen vil og innebere vurderingar av om dei ulike organiseringane av akuttberedskap i fylket er forsvarlege.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.