Skogsvegar

Nyanlegg og utbetring av landbruksvegar og skogsvegar skal godkjennast av kommunen. Alle vedtak om bygging av skogsvegar blir sendt Fylkesmannen til orientering.  

Fylkesmannen har ansvaret for at kommunane følgjer opp regelverk og forskrifter for bygging av landbruksvegar. Fylkesmannen er klageinstans for dei kommunale vedtaka om godkjenning av landbruksvegar. Du kan søkje om tilskot til bygging av skogsvegar. Søknaden skal sendast til kommunen.

Skogfond kan brukast til bygging av nye skogsvegar og ombygging og opprusting av eksisterande skogsvegar. Både skogsbilvegar og traktorvegar er omfatta av denne ordninga. Skogfond kan også brukast til sommarvedlikehald av skogsbilvegar (ikkje traktorvegar).


18.01.2018

700 turar med tømmervogntog spart!

Stort fokus på fjerning av flaskehalsar, ved å skrive opp bruksklassa på mange kommunevegar og fylkes- og riksvegar har ført til sparte kostnader, mindre og tryggare trafikk og miljøgevinstar.


28.09.2017

Fagsamling Veg: 18. - 19. oktober på Aleksandra hotell i Molde

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har frå Skogkurs og Landbruksdirektoratet blitt spurd om fylket kunne vere vertskap for årets samling for skogfunksjonærar og offentlege tilsette som arbeider med veg.


12.05.2017

Status Flaskehalsarbeid i Møre og Romsdal mai 2017

Det nyttar å arbeide med utbetring av flaskehalsar i tømmertrransporten. Eit prosjekt med fokus på flaskehalsar i vegnettet har ført til oppgradering av mange strekningar, men mykje står att. Oppgraderingane fører til meir effektiv tømmertransport, med færre turar.


04.11.2016

Satsing på vegprosjekt hausten 2016

Mange stader rundt om i fylket er der vegar med svake punkt, som gjer at tømmervogntog ikkje kan køyre med fulle lass. No vert det arbeidd for å betre standarden.


22.09.2016

Endeleg Ørstaterminalen sin tur

Etter tredje gongs søknad fekk endeleg Ørstaterminalen tilsagn om midlar til tømmerkai. Landbruksminister Jon Georg Dale møtte sjøl opp i Ørsta 21.09.2016, og fortalde om gladmeldinga. 


28.06.2016

Ekstramidlar til skogsvegar 2016

Landbruksdirektoratet har tildelt Møre og Romsdal ei ekstraløyving på 700 000 kr for 2016.