God fart i skogen i 2018 og auka ramme for 2019

God aktivitet i skogen i Møre og Romsdal i 2018
God aktivitet i skogen i Møre og Romsdal i 2018 (Foto: Åsmund Asper)

2018 har vore eit år med god aktivitet, og det vart hogd 291 697 kubikkmeter i Møre og Romsdal, nokre få tusen meir enn i 2017. På taubane har det vore lågare aktivitet her i fylket, med berre om lag 26 000 kubikkmeter i tilskotssøknader, medan det i 2017 vart søkt om tilskot til taubanehogst av om lag 42 000 kubikkmeter. 

Gran dominerer

Gran dominerer framleis med 88 % eller 257 000 kubikkmeter av hogsten, men ei auke på over 10 000 kubikkmeter furu frå 2017 til over 28 000 kubikkmeter i 2018 vitnar om noko betring både i pris og leveringsgeografi.

Det vart i 2018 levert tømmer for sal til ein verdi av 99,3 millionar, og 59 % av tømmeret vart innmålt som sagtømmer. Det var i 2018 vore ein svak oppgang i tømmerpris til 419 kr/kubikkmeter i gjennomsnitt for sagtømmer, opp frå 401 kr/kubikkmeter i 2017. På massevirke har prisane auka frå 207 kr/kubikkmeter i 2017 til 235 kr/kubikkmeter i 2018.   

Nye skogsvegar

Av ei ramme på 8,5 millionar er det i 2018 løyvd 4,95 millionar til bygging av 9,1 km skogsbilveg, som kan løyse ut 91 000 kubikkmeter tømmer.

Potten som kan brukast til vegbygging og drift i vanskeleg terreng er for Møre og Romsdal auka med 2,5 millionar, så for 2019 er det 11 millionar som skal fordelast på vegbygging og drift i bratt terreng. 

Kontaktpersoner