Skogsdrift

Om lag 3,6 mill dekar er skogkledd, og 2,84 mill dekar er definert som produktiv skog i Møre og Romsdal.  Om lag halvparten er lauvdominert, 32 % er furu- og ca 18 % av det produktive arealet er grandominert skog. Sjølv om grana ikkje utgjer meir enn knapt 1/5 av arealet, utgjer den 50 % av tilveksten. Dei siste åra har hogst av gran stått for over 90 % av årleg avverking for sal.

Tilveksten i Møre og Romsdal utgjer knappe 5 % av samla tilvekst i landet, og hogstvolum 2016 (325 000 kubikkmeter) utgjer om lag 3 % av samla nasjonal avverking.

Terrenget er bratt,.Opp mot 60 % av granskogen står i 30 % helling eller brattare, og om lag 35 % av granskogen står i taubaneterreng. Dette gjer det krevjande å hogge skog i Møre og Romsdal, og Møre og Romsdal er eit av fylka i landet med høgaste årlege utbetalingar av tilskot til drift i bratt og mellomvanskeleg terreng.


01.02.2019

Markant auke i skogplantinga

Det har ikkje vore samsvar mellom auka hogstaktivitet og planteaktivitet dei siste åra. Hogsttala viser ei tredobling siste fem åra medan plantetalet ikkje har stige tilsvarande. Men i 2018 blei det planta 4 796 daa, noko som er 45 % meir enn føregåande år.

18.01.2019

God fart i skogen i 2018 og auka ramme for 2019

2018 har vore eit år med god aktivitet, og det vart hogd 291 697 kubikkmeter i Møre og Romsdal, nokre få tusen meir enn i 2017. På taubane har det vore lågare aktivitet her i fylket, med berre om lag 26 000 kubikkmeter i tilskotssøknader, medan det i 2017 vart søkt om tilskot til taubanehogst av om lag 42 000 kubikkmeter. 

09.08.2018

Skogplanting gir verdiskaping og betre klima

I Møre og Romsdal er vi no i gang med å hauste skogreisingsskogen som vart planta for å bygge landet etter krigen. Skogsareala i Møre og Romsdal er høgproduktive, og det vert henta ut mykje tømmer av god kvalitet. På få år har Møre og Romsdal blitt eit skogfylke, skogen skaper arbeidsplassar for entreprenørar, og hogsten gir verdiar til skogeigarane. Skogreisinga har derfor vore ein økonomisk suksess for skognæringa her i fylket.

06.07.2018

Gledeleg auke i skogplantinga

Megarden planteskole melder no om at dei har omsett rundt 1 million planter i vår. Dette er ei auke på rundt 200 000 planter i høve til føregåande år. I tillegg vil det bli planta ein del i haust.

24.04.2018

Nytt og spennande utstyr for bratt terreng

Nytt utstyr for skogsdrift i bratt terreng kan bidra til å minimalisere terrengskader.

01.03.2018

Klimaendring og gransnutebiller tema på skogsamling

Gransnutebillene et opp nyplantingane, men korleis kan vi hindre det? Klimaendringane vil også påvirke skogbruket, men korleis – og er det positivt eller negativt?

10.01.2017

Ny topp i avverkinga i Møre og Romsdal i 2016

Det blir stadig teke ut meir tømmer enn før frå skogane i Møre og Romsdal. 2016 vart eit nytt rekordår, men det meste av fordlinga skjer andre stader.