Størst folketilvekst i Rogaland

Rogaland hadde størst relativ folkeauke av fylka i 2012, i følgje ferske folketal frå SSB.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 04.03.2013

Rogaland hadde ein auke i folketalet på 2,0 % i 2012, mot 1,3 % for landet. I 2011  var veksten 1,6 %, medan landsauken var omtrent lik dei to åra.

 Folketalet auka med 9 044 personar til  452 159. Fylket hadde 13,8 % av folketilveksten i landet mot 10,7 % i 2011. Saman med Hordaland hadde ein 25,4 %, medan Oslo og Akershus hadde 31,8  % av tilveksten. I 2011 var tilsvarande tal 20,4 og 37,6 %.

 Som i dei tre føregåande åra  ligg Rennesøy på topp med ein vekst på 5,3 %, deretter kjem Time med 4,0 %. Dei siste 10 åra har folketalet i Rennesøy auka med 41,6% og ligg på landstoppen. Andre kommunar med sterk vekst desse åra er Klepp, Sola, Sandnes, Time, Hå og Gjesdal, som alle har over 20 %.  I absolutte tal auka Sandnes i fjor meir enn Stavanger,    2 232 mot 1 685 personar.

Fire kommunar hadde nedgang i folketalet i fjor:, Lund, Hjelmeland, Sauda og Utsira, men samla nedgang var 36 personar. Hovudtendensen er som før at veksten er størst i dei sentrale kommunane.

 Alderssamansetjing

Dei nyaste folketala frå SSB viser m.a. at Rogaland framleis har høgast del unge under 16 år. Berre Oslo har lågare del 67 år og eldre, av fylka i landet. Dei under 16 år utgjer 21,9 % i Rogaland mot 19,6 % for landet, aldersgruppa 67 år og eldre utgjer 11,0 % i Rogaland og 13,3 %  i landet.

 Av kommunane har Rennesøy og Gjesdal størst del unge (under 16 år), medan Kvitsøy og Sauda har størst del eldre (67+ år). Berre tre kommunar har lågare del unge enn landssnittet.

 Utvikling i folketal og aldersgrupper påverkar inntektene til kommunane gjennom rammeoverføringa frå staten. Særleg viktig vil utviklinga i talet på barn og unge under 16 år og dei som er 67 år og eldre. Det er desse gruppene som gir mest utteljing i inntektssystemet for kommunane, sidan dei er dei viktigaste brukarane av kommunale tenester. Fram til 2009 blei rammeoverføringa omrekna i budsjettåret på grunnlag av folketal og tal for aldersgrupper pr 1. januar i budsjettåret. Frå og med 2009 gjeld denne omrekninga ikkje innbyggjartilskotet og utgiftsutjamninga, som nå blir fastsett på grunnlag av folketal 1.juli  året før, medan oppdatering av folketal i inntektsutjamninga held fram. Nye folketal pr 1.1.13 påverkar dermed berre inntektsutjamninga for 2013. Demografiske tendensar vil likevel seia noko om kva utvikling ein kan venta i rammeoverføringa komande år.

Tabellar:

 Endring i 2012 i %

Rennesøy

5,3

 

Bokn

1,6

Time

4,0

 

Tysvær

1,6

Sandnes

3,3

 

Bjerkreim

1,5

Forsand

3,1

 

Karmøy

1,4

Strand

3,0

 

Stavanger

1,3

Sola

2,9

 

Landet

1,3

Klepp

2,7

 

Randaberg

1,3

Gjesdal

2,4

 

Eigersund

1,1

Rogaland u. Stvgr

2,3

 

Sokndal

0,9

2,3

 

Suldal

0,7

Rogaland

2,0

 

Sauda

-0,2

Finnøy

2,0

 

Hjelmeland

-0,3

Vindafjord

2,0

 

Lund

-0,3

Haugesund

1,9

 

Utsira

-4,1

Kvitsøy

1,7

 

 

 

 

Unge og eldre sortert etter del unge (% 1.1.2013):

 

0-15 år

67+ år

 

 

0-15 år

67+ år

Rennesøy

25,7

9,4

 

Vindafjord

22,0

14,5

Gjesdal

24,7

7,4

 

Karmøy

22,0

12,4

24,4

10,4

 

Eigersund

21,3

12,8

Bjerkreim

24,4

11,5

 

Bokn

21,2

16,5

Klepp

24,3

9,5

 

Sokndal

20,8

16,5

Tysvær

24,3

11,6

 

Finnøy

20,7

15,2

Strand

23,7

12,0

 

Suldal

20,4

16,1

Time

23,5

10,3

 

Stavanger

20,1

10,5

Randaberg

23,5

10,7

 

Haugesund

19,6

12,6

Forsand

23,5

13,0

 

Sauda

18,5

17,8

Sola

23,2

9,6

 

Kvitsøy

18,2

20,8

Sandnes

22,8

9,6

 

Utsira

17,7

16,7

Hjelmeland

22,5

14,4

 

Rogaland

21,9

11,0

Lund

22,0

13,7

 

Landet

19,6

13,3

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.