Kommuneopplegget i statsbudsjettet for 2013

Forslag til statsbudsjett blei lagt fram måndag 8.oktober og vi har utarbeidd eit samandrag av kommuneopplegget. For kommunane i fylket samla er det venta ein nominell vekst i frie inntekter på 4,5 % mot 4,1 % for landet, i høve til overslag på rekneskap 2012.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 20.12.2012

Hovudpunkt i budsjettforslaget:
• Oppjustering av skatteoverslaget for 2012 med 2 170 mill kr for kommunane. Dette gir ei endring på 6,5 % i høve til 2011.
• Nominell vekst i kommunanes frie inntekter på 5,1 % i høve til RNB 2012, i høve til rekneskapsoverslag 2012 er veksten 4,1 %. For kommunane i Rogaland samla er tala 5,6 % og 4,5 %.
• Realvekst i frie inntekter i 2013 for kommunane er nå rekna til 0,8 % i høve til rekneskapsoverslag for 2012, 1,7 % i høve til RNB.  Realveksten byggjer på anslått kostnadsvekst i kommunesektoren (deflator) i 2013 på 3,3 %.

Endringar i det økonomiske opplegget for 2012

Skatteanslaget for kommunesektoren er oppjustert med 2,6 mrd. kr frå RNB 2012, av dette 2 170 mill til kommunane.
Skatteoverslag for kommunane for 2012 (mill kr og vekst frå 2011):

 
Mill kr
  Vekst %
Rekneskapstal 2011          111 957  
Statsbudsjettet 2012 - 6.10.11          115 180

        2,9

Komm.prp. 2013 - 15.5.12          117 050         4,5
Statsbud. for 2013 - 08.10.12          119 220         6,5


Deflator for 2012 er nå rekna til 3,2 %, 0,2 prosenteiningar meir enn i RNB.

Meir om det økonomiske opplegget for 2013

Ved berekning av realvekst i kommunesektorens inntekter i 2013 blir det lagt det til grunn ein pris- og lønnsvekst (deflator) i kommunal sektor på 3,3 pst. Dette byggjer m.a. på eit lønsvekstoverslag på 4 pst og der løn tel knapt 2/3.

Regjeringa legg opp til realvekst i kommunesektorens samla inntekter i 2013 på 6,8 mrd. kr. Dette tilsvarar 1,8 pst. Av veksten er 5 mrd. kroner frie inntekter. Dette er i tråd med signala i Kommuneproposisjonen i mai. Det tilsvarer ein realvekst i frie inntekter på 1,7 pst. Veksten er rekna frå anslått inntektsnivå for 2012 i revidert nasjonalbudsjett (RNB) 2012. Dette er i samsvar med vanleg praksis. Veksten i frie inntekter er  fordelt med 4,2 mrd. kroner på kommunane og 800 mill. kroner på fylkeskommunane.

Veksten i dei frie inntektene skal dekka demografivekst med 3 mrd kr og auka pensjonskostnader med 1,4 mrd kr.

Skatteoverslaget for 2013 (skatt på inntekt og formue) er 125,7 mrd. kroner, dvs. ein vekst på 5,4 % i høve til nye tal for 2012. Den kommunale skattøyren for 2013 er uendra på 11.6 %.

Nye oppgåver

I 2013 er det lagt inn 913 mill. kroner i rammetilskotet til nye oppgåver. Dette kjem i tillegg til veksten i frie inntekter og gjeld (for kommunane):

• Nominell vidareføring av foreldrebetaling i barnehagar – 336 mill. kr. Av dette er 63 mill. kr kompensasjon for heilårsverknaden av tiltaket i 2012. 273 mill. kr er knytt til vidareføring av tiltaket i 2013.

• Omlegging av kontantstøtteordninga - 309 mill. kr. Kompensasjon for heilårseffekten av tiltaket i 2012.

• Opptrapping av tilskotet til ikkje-kommunale barnehagar – 99 mill. kr. 41 mill. kr er kompensasjon for heilårsverknaden av tiltaket i 2012. 58 mill. kr er knytt til vidareføring av tiltaket i 2013.

• Valfag på 8. og 9. trinn – 159 mill. kr. 93 mill. kr er kompensasjon for heilårsverknaden av innføring av valfag på 8. trinn i 2012. 66 mill. kr er knytt til innføring av valfag på 9. trinn frå hausten 2013.

• Kulturskoletilbod i skole/SFO. 72 mill kr. Forslag om innføring av ein time gratis kulturskoletilbod i veka i skole- eller SFO-tida på barnetrinnet (1.–4. trinn) frå hausten 2013.

• Uttrekk i rammetilskuddet til kommunene på 83 mill. kr i samband med frigjorte midlar ved utbygging av tilbod om augeblikkeleg hjelp.

Øyremerka ordningar – Omsorgsplan 2015, barnevern m.v

I 2012 blei det oppretta eit nytt øyremerka tilskot til etablering av dagaktivitetstilbod for demente på HODs budjett, med ei løyving på 150 mill kr. Det har tatt noko tid å gjera ordninga kjent, og eit evt. mindreforbruk i 2012 vil bli overført til 2013. Det er føreslått å auka tilskotet med 100 mill. kr i 2013.

Investeringstilskotet på KRDs budsjett til heildøgns omsorgsplasser: Det er føreslått bevilga 87,5 mill. kr som skal gi rom for tilsegn for ytterlegare 1 750 plasser. Maksimal anleggskostnad for berekning av tilskotet blir auka frå 2,29 mill kr til 2,8 mill kr.

Den øyremerka tilskotsordninga til kommunalt barnevern blir vidareført og styrka med 205 mill. kroner. Det betyr at om lag 500 mill. kr er øyremerka satsinga på det kommunale barnevernet i 2013.

For 2013 føreslår regjeringa å fasa inn ytterlegare ein mrd. kr i rentekompensasjonsordninga for skole- og symjeeanlegg. Forslaget har ein budsjetteffekt på 20 mill. kroner.

Det blir også føreslått å løyva 157 mill. kr til ei fireårig tilskottsordning som eit forsøk med auka lærartettleik på ungdomstrinnet frå hausten 2013. Midlane på posten blir lyste ut og tildelte etter søknad til kommunar med skolar som er omfatta av formålet med tilskottet.

Endringar i inntektssystemet

• Hovuddelen av det øyremerka tilskotet til kommunalt rusarbeid, dvs 333 mill kr, blir innlemma i rammetilskotet i 2013, og blir fordelt etter delkostnadsnøkkelen for sosialhjelp.

• Det blir gjort ei teknisk justering i delkostnadsnøkkelen for barnehage frå og med 2013 for å ta omsyn til endringa i kontantstøtteordninga frå august 2012. Dagens delkostnadsnøkkel er samansett av kriteria tal på barn 3-5 år, tal innbyggjarar med høgare utdanning og tal barn 1-2 år utan kontantstøtte. Når 2-åringane ikkje lenger får kontantstøtte (frå august 2012) vil dette påverka kontantstøttekriteriet, og dette blir endra til å vera barn 1 år utan kontantstøtte. Kriteriet tal barn blir endra frå tal barn 3-5 år til tal barn 2-5 år, slik at 2-åringane blir fanga opp i dette kriteriet. Vektinga av dei to kriteria blir justert ut frå andelen barn i dei ulike aldersgruppene, slik at kontantstøttekriteriet får lågare vekting enn i dag.

• Midlar til kvalifiseringsprogrammet (innlemma i rammetilskotet i 2011) og midlar til fysioterapi i samband med styrka kommunalt finansieringsansvar for den avtalebaserte fysioterapitenesta (innlemma i 2009) har sidan innlemminga vore fordelt med særskilt fordeling i inntektssystemet. Frå og med 2013 blir desse midla fordelt etter kostnadsnøkkelen i inntektssystemet.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.