Kommuneøkonomien: framleis betre enn landet, men svakare inntektsvekst og aukande gjeld

Den økonomiske situasjonen i kommunane i fylket samla sett er noko betre enn landet. Men inntektsveksten stagnerer og lånegjelda aukar meir enn landet. Dette kan ein lesa ut av rekneskapstala for 2011.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 20.12.2012

Rogalandskommunane ligg framleis noko betre an enn landet på dei fleste viktige økonomiske indikatorar. Men avstanden til landet elles har minka dei siste åra. Netto driftsresultat , eller handlefridomen i drifta, er rekna for å vera det viktigaste nøkkeltalet for å vurdera kor sunn kommuneøkonomien er. Her har Rogaland tidlegare hatt markert betre tal enn landet, men dei siste åra ligg ein meir rundt landsnivået. Svakare inntektsvekst og kostnadspress kan vera årsaker her.

Folketilveksten og aktiviteten i fylket gjer seg ikkje i same grad utslag i vekst i inntektene i kommunane. Dei siste åra har inntektsveksten i kommunane i fylket samla vore noko under eller på linje med landet. Men folketalet aukar meir enn landet og inntekt pr innbyggjar har dermed utvikla seg svakare enn landet.

Eit anna viktig trekk i utviklinga dei siste åra er at gjeldsgraden har auka ein god del (lånegjeld i høve til driftsinntektene). Gjeldsnivået ligg framleis ein del under landet, men skilnaden minkar. Med svakare handlefridom i drifta som følgje av auka renter og avdrag vil det bli vanskelegare å finansiera investeringar av eigne midlar. Ein blir også meir sårbar ved renteauke, noko som bør påreknast. Dersom ein ønskjer å halda oppe investeringsnivået vil lånefinansieringa måtta aukast og ein kan få ein vond sirkel ved at renter og avdrag aukar og reduserer handlefridomen endå meir. Ein effekt kan også vera nedskjeringar i tenestetilbodet.

Det er ikkje all lånegjeld som tyngjer like mykje, somme lån blir finansiert gjennom kommunale avgifter og det er kompensasjonsordningar for visse typar lån. Men særleg i ein situasjon med svakare handlefridom i drifta, er det etter vårt syn grunn til å leggja sterkare vekt på gjeldsbelastinga ved vurderingar av investeringsopplegg i tida framover.

Ein meir utførleg gjennomgang av kommuneøkonomien i fylket basert på tal frå rekneskapa for 2011 og utviklingstrekk dei seinare åra, finn du i vedlagde rapport i høgremenyen øvst.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.