Kommuneøkonomi

Oppdatert 08.04.2024

Statsforvaltaren skal gi råd og rettleiing i økonomiforvaltninga, blant anna knytt til regelverk, inntektssystem og statsbudsjett.

Robek

Robek-registeret er eit register over kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse eller som ikkje har vedteke økonomiplanen, årsbudsjettet eller årsrekneskapen innanfor dei fristane som gjeld. Kommunar og fylkeskommunar i Robek er underlagt statleg kontroll med årsbudsjett, låneopptak og langsiktige leigeavtalar. For kommunane er denne kontrollen delegert til Statsforvaltaren. Kommunar og fylkeskommunar i Robek skal fastsette ein tiltaksplan som sikrar at økonomien kjem i balanse.

Kommunale garantiar

Kommunar kan gi lånegarantiar. Vedtaket skal godkjennast av Statsforvaltaren dersom beløpet som kommunen garanterer for, er over ein bestemt sum. Tal innbyggarar per 1. januar året før garantivedtaket avgjer beløpsgrensa for kommunen. Beløpsgrensene er slik: 

  • 800 000 kroner for kommunar som ikkje har meir enn 3000 innbyggarar
  • 2 000 000 kroner for kommunar som har over 3000, men ikkje meir enn 10 000 innbyggarar
  • 4 000 000 for kommuner som har over 10 000, men ikkje meir enn 30 000 innbyggarar
  • 7 000 000 for kommuner som har over 30 000, men ikkje meir enn 100 000 innbyggarar
  • 10 000 000 for kommuner som har over 100 000 innbyggarar

Kommunen kan bruke det digitale søknadsskjemaet til å søkje Statsforvaltaren om godkjenning av kommunal garanti. Bruk av skjemaet sikrar at vi får inn dei opplysningane vi treng for å behandle søknaden. Kommunen kan gjerne også bruke skjemaet som støtte og kontroll i framkant av at saka skal opp til politisk behandling i kommunen.

Skjønnsmidlar

Kommunane kan få skjønnsmidlar, som er ein del av dei statlege overføringane til kommunesektoren. Det er Statsforvaltaren som fordeler midlane til kommunen i det enkelte fylket. Tildelinga skjer etter departementets retningslinjer.

Interkommunale selskap

Dersom ein av eigarkommunane i selskapet er underlagt reglane i kommunelovas § 28-3, skal selskapets vedtak om opptak av lån, godkjennast av Statsforvaltaren.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 12.11.2013

Tilleggsproposisjonen for statsbudsjettet 2014 – samandrag av endringar i kommuneopplegget

Framlegget frå den nye regjeringa til tilleggsproposisjon for statsbudsjettet 2014 blei lagt fram 11. november (Prop. 1 S Tillegg 1). Vi gir her eit kort samandrag.


Publisert 31.10.2013

Ny kommunaløkonomisk statistikk

Hovudbiletet samla for fylket er at handlefridomen (netto driftsresultat)  relativt  er svekka noko dei seinare åra, samstundes som gjeldsgraden har auka sterkare enn landet, bortsett frå siste året.


Publisert 31.10.2013

Orientering om skjønstildelinga for 2014.

I rammetilskotet til kommunane (kap 572), jf Grønt hefte tabell 1-k, er det som i tidlegare år ein sum som er fordelt av fylkesmennene etter skjøn. Vi gir her ei orientering om hovudmomenta ved tildelinga av skjønsmidlar for 2014.


Publisert 14.10.2013

Kommuneopplegget i statsbudsjettet for 2014

Forslag til statsbudsjett blei lagt fram måndag 14.oktober og vi har utarbeidd eit samandrag av kommuneopplegget. For kommunane i fylket samla er det venta ein nominell vekst i frie inntekter på  4,4 % mot  4,1 % for landet, i høve til overslag på rekneskap 2013.


Publisert 26.09.2013

Analyseverktøy KOSTRA-tal for 2012

Vi legg fram ein ny versjon av eit samanlikningsverktøy for kommunal økonomi og tenesteyting, oppdatert med endelege KOSTRA-tal for 2012.


Publisert 14.05.2013

Betre økonomisk resultat i kommunane i 2012

Driftsresultata i kommunane i fylket var betre enn året før og betre enn landet. Dette viser førebels KOSTRA-tal for 2012.


Publisert 08.05.2013

Nytt frå kommuneproposisjonen for 2014

Framlegg til revidert nasjonalbudsjett (RNB) 2013 og kommuneproposisjonen for 2014 blei lagt fram 7. mai.  Her er vårt samandrag av hovudpunkta i framlegget.


Publisert 08.03.2013

God skatteinngang i 2012

Kommunane i Rogaland hadde betre skatteutvikling i fjor enn landet


Publisert 04.03.2013

Størst folketilvekst i Rogaland

Rogaland hadde størst relativ folkeauke av fylka i 2012, i følgje ferske folketal frå SSB.


Publisert 05.02.2013

Ekstra skjønstilskot til Finnøy

Fylkesmannen har tildelt Finnøy kommune kr 800 000 av skjønsmidla for 2013 som kompensasjon for  ekstraordinære utgifter i samband med brot på hovudvassleidninga  i sjøen mellom Finnøy og Nord-Talgje vinteren 2012. Vi har sett på dette som utgifter som kan samanliknast med naturskade som flaum, ras o.l.