Barnevern

Oppdatert 12.03.2024

Barnevernets hovudoppgåve er å sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade helsa og utviklinga deira, får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid. Barnevernet skal dessutan medverke til trygge oppvekstkår for alle barn og unge. Dersom du er misnøgd med barnevernet, kan du klage til Statsforvaltaren.

Kommunens oppgåver

Alle kommunar skal ha ei barnevernsteneste som utfører det daglege arbeidet etter barnevernslova. Barnevernstenesta skal setje i verk hjelpetiltak for barnet og familien. Hjelpa kan givast i form av råd og rettleiing, eventuelt i kombinasjon med andre hjelpetiltak. Vanlege hjelpetiltak er for eksempel barnehageplass, støttekontakt, råd og rettleiing og avlastningstiltak i heimen.

Barnevernstenesta har også ansvar for å gripe inn dersom tiltaka i heimen ikkje er tilstrekkelege for å sikre barnets behov. Barnevernstenesta kan då for ein periode i samråd med foreldra formidle plass i fosterheim eller på institusjon, eller på eit senter for foreldre og barn. Dersom eit barn skal plasserast utanfor heimen utan samtykke frå foreldra, må det gjerast vedtak om dette i barneverns- og helsenemnda.

Barn og unge har rett til å klage på barnevernet

Barn og ungdom som har kontakt med barnevernet, har rett til å klage. Du kan seie meininga di om det barnevernet gjer, slik at det kan bli betre. Det gjeld uansett om du bor heime, i fosterheim eller på barnevernsinstitusjon. Du kan klage på alt du meiner ikkje er rett. Statsforvaltaren skal passe på at barnevernet gjer jobben sin, og ei av dei viktigaste oppgåvene våre er å følgje med på at barnevernet følger lovar og reglar. Derfor kan du klage til oss!

Sei frå her

På denne sida kan du lese meir og sjå døme på kva andre barnevernsbarn har klaga på. 

Dersom det hastar veldig, du ringe Alarmtelefonen for barn og unge, tlf. 116 111.

Vi gir også råd og hjelper alle som tek kontakt med oss: barn, ungdom, besteforeldre, mamma, pappa, fosterforeldre, barnevernstenesta og barnevernsinstitusjonar. Viss du er vaksen og ønskjer å klage på barnevernet, ber vi deg bruke det digitale meldingsskjemaet Melding til Statsforvaltaren.

Barneverns- og helsenemnda

Barneverns- og helsenemnda har mynde til å ta avgjerder blant anna i saker om omsorgsovertaking og i saker som gjeld tvangsinngrep overfor ungdom med alvorlege åtferdsvanskar. Avgjerder som er tekne av barneverns- og helsenemnda, kan bringast inn for domstolane. Denne nemnda heitte tidlegare fylkesnemnda, men endra namn til barneverns- og helsenemda med den nye barnevernslova. 

Statsforvaltarens oppgåver

Statsforvaltaren fører tilsyn med barnevernsverksemda i kommunen. Dette inneber blant anna at Statsforvaltaren behandlar klager på saksbehandlinga i barnevernstenesta og tek stilling til om barnevernstenesta har utført arbeidet sitt etter barnevernslova og forvaltningslova.

Statsforvaltaren er klageinstans for enkeltvedtak som barnevernstenesta gjer etter barnevernslova. Dette vil i dei fleste tilfella vere saker der barn eller foreldre klagar over at dei ikkje får det hjelpetiltaket dei ønskjer.

Statsforvaltaren fører også tilsyn med at barn på barnevernsinstitusjonar får forsvarleg omsorg og god behandling. Vidare skal tilsynet sjå til at barna blir behandla omsynsfullt og med respekt for integriteten til den enkelte. Dette inneber blant anna at barn som blir utsette for tvang på ein barnevernsinstitusjon, kan klage til Statsforvaltaren.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 21.12.2015

Skriv frå Riksadvokaten om samhandling mellom barneverntenesta og politiet ved tilrettelagde avhøyr av barn

Den 2. oktober 2015 vart nye paragrafar i straffeprosesslova om avhøyr av m.a. barn gjeldande, jf. straffeprosesslova § 239.


Publisert 08.10.2015

Avslag på innsynskrav skal vere skriftleg

Dersom du er part i ei barnevernssak, har du i utg ungspunktet rett til innsyn i alle dokument i saka.
Det gjeld vanleg klagerett ved avslag.


Publisert 08.10.2015

Privatpraktiserande kan ta betalt for å utlevera opplysningar til barnevernet

Dersom barnevernstenesta pålegg ein privatpraktiserande yrkesutøvar å utlevera opplysningar etter barnevernslova § 6-4, kan han krevja betaling for arbeidet.


Publisert 25.06.2015

Akuttberedskap i kommunalt barnevern

Barne- likestillings- og inkluderingsdepartementet har sendt brev til kommunane om beredskap utanom barnevernet si kontortid i ferietia.


Publisert 09.06.2015

Bruk av politi i barnevernet

Det kan i særskilte tilfelle vere naudsynt for barnevernet å få hjelp av politiet. Bruk av politi er eit svært alvorleg inngrep og skal berre nyttast i naudstilfelle.


Publisert 19.03.2015

Ny rettleiar for tilsyn med barn i fosterheim

Barne,- ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har utarbeidd ein ny rettleiar om tilsyn med barn i fosterheim i samsvar med vedtekne endringar i barnevernlova § 4-22 med forskrift.


Publisert 19.03.2015

Merknad til forskrift om fosterheim §§ 8 og 9 - Tilsyn med barn i fosterheim

Merknad til § 9 i forskrifta seier at rapportar frå tilsyn med barn i fosterheim skal, dersom dei viser alvorlege mangler i barnet sin omsorgssituasjon, bli send i kopi til Fylkesmannen. Det er fosterheimskommunen som er ansvarleg.


Publisert 19.03.2015

Barnevernlova sine regler i § 4-22 om tilsyn med barn i fosterheim er endra med verknad frå 01.02.2014

Fylkesmannen skal ha kopi av tilsynsrapportar dersom dei viser alvorlege mangler i barnet sin omsorgssituasjon.


Publisert 06.01.2015

Opplysningsplikta til barneverntenesta

Barneverntenesta er gitt eit særleg ansvar for å sikre at barn som lever under forhold som kan skade deira helse og utvikling, får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid. For å kunne vareta denne oppgåva, er barneverntenesta avhengig av at andre som er uroa for eit barn sin omsorgs- eller livssituasjon melder frå til den kommunale barneverntenesta.


Publisert 22.04.2014

Fleire må melde frå til barnevernet

Statens Helsetilsyn har undersøkt om helsepersonell melder frå til barnevernstenesta slik dei har plikt til. Det er nå blitt publisert ein rapport som belyser temaet grundig.