Ny rettleiar for tilsyn med barn i fosterheim

Barne,- ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har utarbeidd ein ny rettleiar om tilsyn med barn i fosterheim i samsvar med vedtekne endringar i barnevernlova § 4-22 med forskrift.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.03.2015

Barnevernlova og fosterheimsforskrifta sine paragrafar om tilsyn med barn i fosterheim blei endra med verknad frå og med 01.02.2014.

Den nye tilsynsrettleiaren skal hjelpe til at tilsynet med barn i fosterheim blir gjennomført fagleg godt og forsvarleg. Rettleiaren skal vere eit hjelpemiddel for alle som har ei rolle i tilsynet med fosterbarn, og skal hjelpe til å sikre lik og god praksis i tilsynsarbeidet

Rettleiaren er publisert påhttp://www.bufdir.no/Global/Fosterhjem/Brosjyrer/Veileder%20Tilsyn%20med%20barn%20i%20fosterhjem.pdf, og kan lastast ned elektronisk herifrå.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar