Barnevern

Barnevernets hovudoppgåve er å sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade helsa og utviklinga deira, får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid. Barnevernet skal dessutan medverke til trygge oppvekstkår for alle barn og unge. Dersom du er misnøgd med barnevernet, kan du klage til Fylkesmannen.

Kommunens oppgåver

Alle kommunar skal ha ei barnevernsteneste som utfører det daglege arbeidet etter barnevernslova. Barnevernstenesta skal setje i verk hjelpetiltak for barnet og familien. Hjelpa kan givast i form av råd og rettleiing, eventuelt i kombinasjon med andre hjelpetiltak. Vanlege hjelpetiltak er for eksempel barnehageplass, støttekontakt, råd og rettleiing og avlastningstiltak i heimen.

Barnevernstenesta har også ansvar for å gripe inn dersom tiltaka i heimen ikkje er tilstrekkelege for å sikre barnets behov. Barnevernstenesta kan då for ein periode i samråd med foreldra formidle plass i fosterheim eller på institusjon, eller på eit senter for foreldre og barn. Dersom eit barn skal plasserast utanfor heimen utan samtykke frå foreldra, må det gjerast vedtak om dette i Fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker etter forslag frå kommunen.

Fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker

Fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker har mynde til å ta avgjerder blant anna i saker om omsorgsovertaking og i saker som gjeld tvangsinngrep overfor ungdom med alvorlege åtferdsvanskar. Avgjerder som er tekne av fylkesnemnda, kan bringast inn for domstolane.

Fylkesmannens oppgåver

Fylkesmannen fører tilsyn med barnevernsverksemda i kommunen. Dette inneber blant anna at Fylkesmannen behandlar klager på saksbehandlinga i barnevernstenesta og tek stilling til om barnevernstenesta har utført arbeidet sitt etter barnevernslova og forvaltningslova.

Fylkesmannen er klageinstans for enkeltvedtak som barnevernstenesta gjer etter barnevernslova. Dette vil i dei fleste tilfella vere saker der barn eller foreldre klagar over at dei ikkje får det hjelpetiltaket dei ønskjer.

Fylkesmannen fører også tilsyn med at barn på barnevernsinstitusjonar får forsvarleg omsorg og god behandling. Vidare skal tilsynet sjå til at barna blir behandla omsynsfullt og med respekt for integriteten til den enkelte. Dette inneber blant anna at barn som blir utsette for tvang på ein barnevernsinstitusjon, kan klage til Fylkesmannen.

Du kan klage

Barn og ungdom som har kontakt med barnevernet, har rett til å klage. Du kan seie di meining om det barnevernet gjer sånn at det kan bli betre. Det gjeld uansett om du bur heime, i fosterheim eller på barnevernsinstitusjon. 

Vi jobbar med å utvikle enkle løysingar for å seie frå. Inntil vidare ber vi deg ta kontakt med Fylkesmannen der du bur. Treng du nokon å snakke med NO? Ring Alarmtelefonen på 116 111.

Vis meir


25.05.2020

Bruk av politi i barnevernsinstitusjon

Kontakt med politi kan opplevas som skremmande og inngripande, særleg om det vert nytta tvang. 

19.05.2020

Ny rapport om tenestetilbodet til sårbare barn og unge

Barne- og familiedepartementet (BFD) har nedsett ei koordineringsgruppe som skal vurdera tenestetilbodet til barn og unge under covid-19 pandemien. 

18.05.2020

Ny rettleiar for handtering av legemidler i barneverninstitusjonar

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har kome med ein ny rettleiar for handtering av legemidler i barneverninstitusjonar. 

30.04.2020

Barneverntenestenes fysiske møter med barn og familiar i ei tid der ein må ta omsyn til koronavirus

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har kome med eit informasjonsskriv om korleis barneverntenestene kan gjennomføra fysiske møter med barn og familiar under korona-pandemien.

07.04.2020

Midlertidig forskrift på barnevernområdet

Regjeringen vedtok 3. april 2020 forskriftsbestemmelser som skal legge til rette for å ivareta barns rett til omsorg og beskyttelse etter barnevernloven under koronapandemien.

03.04.2020

Barn og unge som ønsker å komma i kontakt med oss

Vi som jobbar med barnevern hos Fylkesmannen er tilgjengelege for alle barn og unge. Her finn du kontaktinformasjon viss du vil komma i kontakt med oss. 

23.03.2020

Informasjon om Bufdir si temaside om koronaviruset

Fylkesmannen mottar mange spørsmål knytta til barn, unge, foreldre, barnevern og koronaviruset. Me vil derfor informera om at Bufdir har oppretta ei temaside om koronaviruset, kor ein kan finna svar på mange av desse spørsmåla.

13.03.2020

Verktøy til bruk i innsatsen mot vald og overgrep mot barn

Barne- og likestillingsdepartementet ga i 2016 ut «Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017-2021)», ein opptrappingsplan mot vald i nære relasjonar og vald og overgrep mot barn og unge. Opptrappingsplanen gjer ein oversikt over dagens situasjon, tiltak for å bekjempa vald og overgrep, og hovedutfordringane knytta til vald og overgrep.

13.03.2020

Ny rettleiar til hjelp ved tilstandsrapportering til kommunestyret om barnevern

Det nye forslaget til barnevernlov omfattar eit krav om at barneverntenestene skal gjere ei årleg tilstandsrapportering til kommunestyret. Bufdir anbefaler at ein allereie no startar arbeidet med å utarbeide ein tilstandsrapport i det kommunale barnevernet.

28.01.2020

Tolkingsfråsegn om institusjonsopphald som ettervernstiltak i barnevernet

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har nyleg uttalt seg om institusjonsopphald for ungdom over 18 år.

Fleire nyhende