Avslag på innsynskrav skal vere skriftleg

Dersom du er part i ei barnevernssak, har du i utg ungspunktet rett til innsyn i alle dokument i saka.
Det gjeld vanleg klagerett ved avslag.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.10.2015

Partsinnsyn er regulert i forvaltningslova §§ 18-21. Hovudregelen er at den som er part i ei sak, har rett til innsyn i alle saksdokumenta. Unntaka frå hovudregelen går fram i §§ 18 til 19. Kommunen må ta stilling til kravet så snart det er praktisk mogleg. I saker som gjeld dokumentinnsyn skal sakshandsamingstida vere kort, til vanleg 1-3 verkedagar. Kommunen kan bruke lenger tid dersom det er nødvendig, til dømes dersom dei må undersøkje faktiske forhold nærare for å sikre at saka er godt nok opplyst, kravet reiser vanskelege spørsmål eller kravet gjeld store eller mange dokument. Dersom kommunen ikkje svarar deg raskt nok, kan du klage som om du har fått avslag.

Når kommunen avslår eit innsynskrav, skal dei opplyse om heimelen for avslaget og informere om retten til å klage og klagefristen. Kommunen skal ta i mot og handsame klage på manglande innsyn, og  sende klagesaka vidare til Fylkesmannen dersom klagar ikkje får medhald.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.